Skjerneset ligg ytterst på Kjøsahalsen. Ein idyllisk plass som er enkel å nå både for små og store, gamle og unge. Den gamle vegen rundt Kjøsahammaren har vore ein flott turveg i mange år. I dei siste åra har det kjeme ein del steinblokker ned i vegen i den nordlegaste delen. Det er derfor ikkje enkelt å kome seg fram fra Honrnindalssida. Det er høge og bratte hammarar så ved store nedbørsmengder må ein vise ekstra stor forsiktigheit når ein går der.
Denne runden som eg har gått eit par ganger no i haust, starter ved hyttefeltet i Kjøs og ender opp ved sagbruket i Kongsvik. Om ein ikkej vil gå same vegen tilbake, er det litt logistikk for å ha bil når ein kjem innatt til Kongsvik.
Dette er ein tur på ca 5 kilometer.
Følg den Tronhjemske postvegen til det høgaste punktet på Kjøsahalsen. Der har Hornindal i.l trimpost. Her er også første post på løypa til norges tøffaste fjelløp, Hornindal Rundt
Parker ved hyttefeltet i Kjøs.
Turen går i slakt og fint terreng på mjukt underlag. Ein merker nesten ikkje stigninga når ein går mot Kjøsahalsen som ligg på ca 200 moh.
Den Tronhjemske postvegen er utruleg fin å gå på. Fra eit parti etter hyttefeltet.
Etter at ein har passert hyttefeltet kjem ein til ei lysning i skogen. Der går postvegen like ovanfor innmarka til garden Kjøs, og ein har fin utsikt til Hornindalsvatnet og Bjørnaholmen.
Trimposten til Hornindal il på Kjøsahalsen.
Like før ein er komt til toppen på Kjøsahalsen skal ein halde til venstre på ei rås/skogsveg. Den er ikkje merka, men tydeleg i terrenget. Ein går vidare i slakt skogsterreng nordvest over. Litt stigning før ein er på det høgaste punktet. Det er mykje stor furuskog, så utsikten er ikkje den beste, men enkelte glimt får ein av Grodås sentrum og bygda Otterdal.
Nydelege haustfarger , Otterdal i det fjerne.
Etter å ha gått i rås eit stykke kjem ein ut på ein skogsveg. Der held ein til venstre og går ca 200 meter unnabakkjen før ein skal ta til høgre og ut i ei rås. Eg sette opp ein lang staur som viser der som ein skal ta av fra skogsvegen.
Ved den lange stauren tek ein til høgre ut på rås igjen.
Enkelte gamle merkinger i skogen.
Råsa slynger seg mellom store furulegger og ein kjem etter kvart til den gamle vegen som gjekk rundt Kjøsahammaren. Ta siste stykket i rås heilt ned til vatnet og nyt stillheita. Der kan ein finne ly for vinden fra dei fleste kanter. Er det sommer og temperaturen tillet det er der flotte forhold for bading. Eit alternativ er å ta med piknikkorga og nyte kveldsmaten ytters på neset.Den gamle vegen rundt Kjøsahammaren er stille og roleg. Senk skuldrane og ta deg tid til å spasere ein tur på nord sida også. Gå så langt som ein føler for. Det bratte partiet kan være ustabilt ved store nedbørsmengder og om våren når det er isfall.
Fine stabbesteiner står der og vitner om ei faren tid.
Otterdal i det fjerne.
Steinblokker ligg i vegen på nordsida.
Hornindal i.l har også trimbok på Skjerneset. På den fine benken er det fint å sitje å filosofere og nyte stillheita.
Hornindal il har trimpost på Skjerneset
Den gamle vegen rundt Kjøsahammaren egner seg godt både for å spasere på, bruke sykkel, trille barnevogn, rullestol eller ta med rullatoren.
Stille og fredelegUtsikt fra Kongsvik over Hornindalsvatnet og litt av den gamle vegen som går rundt Kjøsahammaren.
Kart over turen finn ein på ut.no: Skjerneset
PRØV TUREN , NYT NATUREN!!