Denne veka har eg vore på den kjekkaste klubbkvelden noken gong. Vertinna inviterte til klubbkveld i naturen. Randabygda gav dei finaste rammene for ein slik kveld. Sola skein fra nesten skyfri himmel, fjorden låg speilblank, temperaturen var akkurat passe og jentene var i godt humør.
Vi kom til utgangspunktet i halv seks tida og vart umiddelbart tatt imot av han Jakob, bonden i Hammerstunet. Han baud på plommer og vi vart losa ned til plommetreda. Der var det berre å forsyne seg.
Når damene hadde fylt magane med plommer var det tid for litt guiding i tunet. I Hammerstunet er det ialt 24 hus å ta vare på. Mange av desse er frå tidleg 1800-talet. Vi fekk omvisning i Gamlestova, Matstova, Nystova og Stabburet. Jakob fortalde oss kva dei forskjellige husa hadde vore brukt til og korleis dei levde der.
Gamlestova var bustadhus der den daglege aktiviteten som matlaging, snekring og soving føregjekk. I matstova koka dei mat om sommaren og nystova vart brukt som gjestehus.
Etter omvisninga i tunet gjekk turen vidare innover bøen. Der fekk vi orientering om frukthagane, beitedyra og om alle uteladene. Ein kommentar som gjekk igjen blandt jenten var : » fy kor bratt det er». Og det er verkeleg bratt der ute. Nesten vaskeleg å fatte at det går ann å drive gardsarbeid på ein slik plass. Utelader og steingarder .
Fra Hammerstunet og innover dyrka marka er der veg. Dette er ein del av kulturløypa og kan brukes som turveg sjølv om den går over dyrka mark. Vis hensyn til beitande dyr.
Eit stykke etter dyrka marka tok vi av til venstre og opp råsa til Tvinnefossen. Skal sei damene fekk løyst svetten i dei bratte bakkane. Med magen full av plommer gjorde det godt å få bevege seg skikkeleg.Vannføringa er ikkje av dei største no om hausten, men det buldra no bra når vatnet fossa over kanten.
Alle som går i klubb veit at som vertinne for ein klubbkveld må ein alltid ha noke godt på lur. Og det vart det denne kvelden også. Vertinna hadde ordna med mat og frakta den på plass før resten av gjengen inntok bygda. Mykje god mat.Når vi var ferdige med bordsetet, sola var forsvunnet høgare i landskapet så var det tid for å rydde opp. Sjølvsagt forlet vi plassen like fin som vi fant den.
Langs vegen frå Tvinnefossen og famatt til parkeringsplassen var det laga til med flotte aktiviteter. Dette er det ein gjeng som ordner med kvar sommar. Artige innslag på turen.
Oppfinnsomm gjeng har gjordt turen meir innhaldsrik. (trykk på bildet og zoom)
Høge som denne klubbgjengen var på den flotte naturen, all den friske lufta, den gode maten og det kjekke selskapet så kosa vi oss fælt med aktivitetane. Damene i 50-60 årsalderen fekk plutseleg fjortis fakter og støyniået vart til tider høgt og lattermusklaturen fekk trimma seg skikkeleg.
Minikleiva. Eit sporty påfunn. I Gamlegarden var det fint pynta.Som det ofte går når det er klubbkveld….. klokka går fort og sola glader. Intet unntak denne kvelden.
Vel framme på Rand igjen, var det enda meir kulturelle innslag. Denne gangen omvisning i gamlestova på garden. Imponerande samling av ting fra gamle dager krydra med historier frå farne tider, om livet så heilt annaleis enn det vi lever no.Etter omvisninga i gamlestova var det dekka til kaffi og kake på terassen hos Mona og Mathias. Dei tok imot denne klubbgjengen med åpne armer. Invitasjonen til dei til neste uteklubb står ved lag.
Dette vart ein innholdsrik klubbkveld som innheldt alt. Flott natur, intresante historier, kulturelle innslag, trim, god mat, prat og mykje latter. Ein perfekt klubbkveld etter min smak. Tusen takk til vertinna.
ANBEFALER GJERNE Å ARRANGERE KLUBBKVELDEN UTE I NATUREN.
Legg igjen en kommentar