Over Kviven har folk vandra i hundrevis av år. Folk fra Austefjorden og Hondalen nytta råsa gjennom Kvivsskardet når dei skulle besøkje kvarandre til arbeid eller fest. Alt i 1760 vart dette sambandet skildra som det kortaste vegen frå Sunnmøre til Sogn.
Mange har kjempa for utbetring av denne traseen. Den første søknaden om støtte til veg over Kviven er fra 1877. Søknaden vart avslått mange ganger, men i 1884 vart det innvilga kr 50,- av Hornindal heradstyre. Dette med forutsetning av at også Volda og Hjørundfjord heradstyre innvilga same beløpet. Det vart gjordt, og ei viss utbetring vart utført. Etter ca 135 år kom det tunnel gjennom fjellet og no køyrer vi Kvivssambandet fra Hornindal til Kalvatn på få minutter.
Eg vil anbefale å ta denne turen over fjellet. Det er ein forholdsvis lett overgang. Høgaste punktet på turen ligg på 860 moh. og distansen er ca 9 kilometer.
Ein kan sjølvsagt velge kva slags vei ein vil gå. Eg vil skildre turen fra Kvivsdalssetra og til Lillestøl.For å kome til utgangspunktet tek ein av mot Bjørke like ved Kvivstunnelen. Køyr ca 1,5km til Bueide. Ta til høgre opp grusvegen, betal bompenger om ein ønskjer å køyre til setra. Til setra er det ca 2 kilometer.På Kvivsdalssetra ligg det sju små sel side om side. Her er også ein geitefjøs. Det er gode parkeringsmuligheiter om ein køyrer heilt fram.
Råsa finn ein når ein går over setrevollen, langs gjerdet mot dyrka marka. Råsa er tydeleg, lite merking første delen.
Fin rås fra setrevollen og innover Kvivsdalen.
Fine kulper i elva som ein kan avkjøle seg i.
Første stykket inn dalen går råsa i slakt terreng. Opp Stegen blir det meir stigning, men enkelt å ta seg fram. Når ein vinn høgdemeter så kjem også utsikten. Her ser ein framatt dalen mot setra.På dei fleste turer eg har gått så har eg før eller seinare kjeme fram på trimposter. I nederste enden på Kvivsdalsvatnet står det også ein slik trimpost. Ta ein pust i bakken og nyt utsikten. Skriv namnet ditt i boka og sjå etter om kjent folk har vore der.Kvivsvatnet ligg på 680 moh. Og sjølv om kalenderen viste midten av august så var der fremdeles snøbreer.
Her ser ein tilbake mot Møresida. Denne dagen var vatnet blått blått.
Fra Kvivsdalsvatnet og opp siste stigninga til Kviven var råsa godt merka. Oppe på Kviven var det snø både over og under vatn.
Fine skilt som viser vegen vidare.
Som ein kan sjå av skilta så er her forskjellige turalternativ. Høgenibba ligg på 1191 moh og Grendadalen på ca 400 moh. Ein slik fin dag kunne ein fortsett å gå i høgda. Utfordringa er logistikken for å kome seg heim. Når ein tek turen fra Kalvatn (Kvivsdalssetra) og til Lillestøl i Hornindal er det enkelt om ein har to biler. Parker den eine på Lillestøl og køyr vidare gjennom Kvivstunnelen. Kort vei og hente den som står ved startpunktet.Sol og snø ein sommerdag er ikkje feil. Dette bildet er tatt rett før høgaste punktet.Ingen ting å seie på utsikten mot Grodås når ein er på Kviven. Her ser ein også fjella på sørsida av Nordfjorden og nokre i Breim. Fra venstre nemner eg: Skarsteinfjellet, Ceciliekruna, Storelogpiken, Snønipa og Vora.
Nedstigninga fra Kviven mot Lillestøl er delvis merka. Ein må følge godt med for råsa er ikkje like tydeleg alle plasser. Ein skal gå på høgre side av elva som ein ser på bildet under. Og ein skal forbi denne store steinen med måling på som ligg der terrenget flater ut.
Når ein nærmer seg skogkanten kjem ein fram til ruinane etter Lillestølsetra. Denne setra har blitt rasert av snøskred to gonger. Første gangen var i 1944, da tok raset to av sela. I 1979 raserte eit snøras resten av bygningane.
Råsa går over setrevollen og i tidlegare tider da det vart arrangert Kvivsstemne, var det mange som tok turen forbi setra. Eg hadde litt problem med å finne råsa fra setrevollen. Men gå ned bakken mot ein steingard, da har du den. Steingard i utkanten av setrevollen.
Fra Lillestølsetra og ned bakkane mot gardane går råsa i skogsterreng. Råsa er tydeleg og etter kvart kjem ein inn på ein fin skogsveg. Den går heilt ned til Lillestøl. Det er beitande dyr i terrenget så lat alltid igjen grindene etter deg.
Oppslagstavle med historia om Kvivsvegen.Her nærmer ein seg gardstuna på Lillestøl.
Tilbakeblikk mot Kviven fra Lillestøl.
Om ein vil ta turen andre vegen, så køyr bygdevegen fra Grodås sentrum mot Ytrehorn. Køyr til du ser skilting mot Kviven.
Parkeringsplass for bilen finn ein ved eit lager like ved Kvivsbrua. Sett bilen slik at den ikkje står i veien for andre.
Kart over turen finn du på ut.no: Over Kviven. Fra Kalvatn til Hornindal
TA TUREN OG UTFORSK TERRENGET OVER TUNNELEN.