Fladalen går fra Storsetervatnet og innover til Movatnet. Utgangspunktet for turen er ved parkeringsplassen ved Stigedalshytta på Stigedalen.
Fjellet som ein ser heilt til høgre på bildet, er vestsida av Eidskyrkja. Dette fjellet ser ein heile vegen innover til Movatnet.
Denne turen går for det meste på grusveg. Berre dei siste ca 400 meterane fram til vatnet går på sti. Eg anbefaler å ta turen til fots eller sykkel. Om ein velger å ta med bilen så må ein være klar over at det er bomveg innover og oppfordringa er at sjølv om bommen er åpen så betaler ein dei 30 kronene.
Da det skulle byggast kraftlinje gjennom Fladalen i 1964 kom også grusvegen. Grusvegen er fin og det moglegheiter for mange å ta turen uten å ta med bilen. Sykkel, barnevogn, rullestol,rullator og trøtraktor er gode alternativ. Så her kan heile familien fra dei yngste til dei eldste være med. Det er gode moglegheiter for å ta ein piknik på ein av setrevollane som ein fær forbi. Turen starter ca 270 moh og Movatnet ligg på 422 moh. Så dette er ein fin tur med ca 150 meter stignig. Heile turen fra parkeringsplassen og til Movatnet er på 6 kilometer, så fram og tilbake tilsammen 12 km. Har ein bil framme på parkeirngsplassen kan ein sende den sprekast framatt etter den.
Fin grusvei.Utsikt tilbake til parkeringsplassen, Stigedalshytta og over Storsetervatnet.
På Storesetra er det ikkje så mykje som viser igjen etter seterdrift. Rett etter Stigdalshytta, på venstre sida når ein går innover, kan ein sjå to gamle fjøsar. Ellers er det nyare hytter som står langs vatnet.Her ser ein Bakkesetervatnet med Bakkesetra ved enden. Bakkesetra. SagesetraSagesetra har namnet sitt etter sagbruket som ligg på andre sida av elva. Saga vart bygd i 1836 og var ei sirkelsag. Saga vart restaurert i 1990 og fekk da nytt vasshjul.
På Sagesetra er det fremdeles drift om sommaren. Så i dalen kan ein møte beitande kyr og aktivt seterdrift.
Elva har du som selskap på heile turen innover dalen. Og går ein tom for drikke er det gode moglegheiter for å få fylt flaska si igjen. Det er ein stille og roleg dal. Sjølv om det er bilveg er det ikkje store trafikken.
Eg var tidleg ute og snøen var ikkje smelta heile vegen. Men den søen som låg var fast og fin å gå på. Vegen blir brukt som trasee for skiløyper om vinteren.
Tidleg i juni og fremdeles snø.
Også kraftlinja gjennom dalen ser ein heile tida. Kraftlinja som vart bygd i 1964 skal rivast når den nye er oppe å går. Etter det eg har forstått så skal ikkje den nye gå heilt nede i dalen.
Leivdalsetra / Langevatnsetra
På turen går ein forbi fire setrar. Alle høyrer til gardane i Leivdalen. Dei to fremste setrane vart brukt som vårseter, og fleire av bruka har derfor seter på fleire plasser.Langevatnet 404 moh og fremdeles is på den 6 juni.
Ved vegenden er der fin rasteplass.
Oppslag fortel om andre turmål i området.
Fra vegenden til Movatnet går turen over til sti/rås. Den går delvis over myr og kan til tider være ganske våt. Litt tilrettelagt med planker på enkelte stader.
Framme ved Movatnet er det stillheita du møter. Her kan tankane vandre fritt. Dei er heldige dei hytte eigarane som har sine perler langs vatnet. Midt i bildet ser ein fjellet Skardhornet 1043 moh og til venstre ser ein vestsida av Eidskyrkja 1243 moh.
Det er mange fine vatn innover dalen. Og løyser ein fiskekort er moglegheitene store for å få fisk på kroken. Fiskekort kjøper ein framme ved bommen.
Fra Movaten kan ein finne fine turer vidare. Går ein gjennom Rinddalen kjem ein til slutt ned i Høydalen i Austefjorden.
Kart over turen finn du: Fladalen til Movatnet
TA TUREN OG UTFORSK DENNE STILLE FLOTTE DALEN.