Vinteren er på hell og eg er klar for å starte tursesongen på barmark. I min iver etter å finne våren og utforske nytt turterreng så har eg i heile vinter studert kart på nettet. Og det mangler ikkje på alternativer verken på kart eller turer.
Ut.no (eit samarbeid mellom NRK og DNT)har ei flott nettside som ein lett kan bruke for å planlegge turar og finne inspirasjon til nye turmål. Da er turane lagt inn med ein beskrivelse og innteikna på kart. Ein finn også oversikt over hytter og overnattingsplasser. Nettstedet er enkelt lagt opp og ein kan søkje på aktuelt område ein ønskjer å finne tur i. I tillegg kan ein legge inn turer sjølv for å inspirere/informerer andre om turforslag ein har. Eg har lagt inn nokre av turane som eg har laga blogginnlegg av. Det kjem fleire etterkvart.Dagens tur ligg i nærområdet, langs Panoramaveien, på Nordsida.
Utgangspunktet og parkering er ved Nordsida skule på Blaksæter. Der i fra går ein litt unnabakken før ein tek til høgre og fortset på skogsveg. Underlaget er mjukt og godt å gå på. I dag var det vind og det knaka godt i dei store grantrea som stod langs vegen. Ein koseleg lyd å høyre på.
symbol på «som ein grønne tråd» på turen.Sjølv om kalenderen viser februarså er det fine innslag av grønn vegetasjon.
.
Langs vegen ser ein innslag av gamle instalasjoner. Her er det gamle oppmuringer etter eit bygg.Langs vegen/stien kan ein sjå skilt som viser at her er andre tur alternativer i terrenget. Avstikkaren til Ulvedalsnausta må eg utforske ein anna gong.
Ved vegenden går turen over på rås/sti. Det er merka med raude plastband. Det er no viktig at ein følger desse banda. Her er ein del dyretrakk og lett å ta feil retning. Ein god regel når ein ferdes i ukjent terreng er å sjå neste merke før ein går for langt fra forrige merke. Om det er vanskeleg å sjå med ein gong, så ta deg tid til å stoppe opp og studer terrenget.
Eg hadde trudd at utsikten skulle være beire på denne turen, men det er ein del skog ein og del gamle rotvelter. Kansje hadde turen vore skumlare om det var mindre skog?Ikkje langt over fjorden til Utvik. I dag gjekk snøelingane halvveis ned i lida.
Ei stor furu på kanten av stupet. Utvik i bakgrunnen. Gamle instalasjoner langs stien/råsa.
Her er spor etter noken som har leita etter mat.
Overaskelsen var stor da eg kom fram på denne hagen langt ut i Ulvedalsfjellet. Skogahagen, ein frukthage som har høyrt til bruket Skogen. Truleg i bruk fra slutten av 1800 talet og fram til midten av 1900 talet. Tilkomstsvegen til hagen er mura opp for hest, men det må ha vore litt av ei ferd å få avlinga derifra med hest.
Stien er fin og godt merka. På enkelte plasser er det bratt og ein må vise ekstra forsiktigheit. Det er viktig at ein følger merkinga. Ikkje spøk å gå seg vill i Ulvedalsfjellet.
Her er det fin utsikt mot Utvik. Ikkje langt over fjorden her.Denne turen som ligg innteikna på Ut.no er ca 3,5 km ein veg. Har no seinare gått stien/råsa heilt fram til Baggehola. Det er fin sti/rås heilt fram og den går vidare til Sagedammen.
Sjå kart på denne turen på ut.no: Nordsida skule – Ulvedalsneset
VÅREN ER RETT RUNDT HJØRNE. BRUK DEN OG NYT DEN.