GODT NYTT TURÅR TIL ALLE TURINTRESERTE.

P1090232
Eit langt turår  ligg føre oss og mange moglegheiter til å nyte den flotte naturen som vi har rundt oss. I forrige innlegg oppfordra eg dokke til å kjøpe kart og kompass for å gje vekk i gåve eller å gje vekk ein invitasjon til tur i friluftsåret. Håper det vart mange flate (kart) pakker under treet i desember og at det var noken som var så heldig å få ein turinvitasjon.

Eg var så heldig at eg fekk ein invitasjon fra mine herlege ungdomar. Vi var på ein tur til Rondane i 2013 og plukka 2000 meters topper. No er destinasjonen uviss enda, men kanskje klarer vi å plukke ein 2000 meters topp i år og. Motivasjonen til å trene mot det målet er iallefall lagt.

20130830_164830   P1090249
Bilde: Fra turen i Rondane i 2013. No skal boka studerast for å «heve» julegåva.

Eg har ikkje kjøpt kart og kompass, men har brukt ein del av juleferien til å studere kart på nettet.  Det kartet som eg bruker på nettet er:  Godtur.no.  Dei karta som eg allereide har skal bli flittigt brukt også i 2015.  Mange nye turalternativ er notert ned og fleire kjem nok til etter kvart. Det blir turar både i nærområdet, innad i kommunen men også i nabo kommunane.

Ut fra statistikken på  bloggen min ser eg at den blir lest og det er veldig kjekt. Eg blir glad om de legg igjen kommentarer om turane. Like kjekt med ris som med ros. Da kan det bli betre. Del også gjerne innlegga. Da får fleire muligheit til å lese og kansje få inspirasjon til nye turer. Eg poster innlegga også på facebok. Om du vil lese bloggen og ikkje er på facebok kan du abonere på nettstaden. Legg da igjen epost adressa di oppe til høgre på innlegga. Da får du mail når det blir posta nye innlegg. Når det gjeld vegvalga til dei forskjellige turane så skriv eg ut fra korleis eg har gått turen. Der kan det være andre utgangspunkt, vegvalg, ting underveis som er vert å få med seg o.l som kan kommenterast. Og har de turforslag så kom med dei. Eg syns det er spennande med nytt tereng og nye turer.

Det har ikkje vore så stor aktivitet med bloggskriving i det siste. Årstida er vel hovudgrunnen. Det blir ikkje så mange turar i denne mørke og kalde tida av året. Det blir mest  trimturar langs vegane eller korte turar i skogen med ski eller truger. Men for dei som liker å gå på ski så finst det utruleg mange kilometer med preparerte skiløyper i nærområdet. Og muligheitene er mange og gode for å gå på tur og nyte naturen. I mange av dei preparerte skiløypene er det også akseptert at ein går på beina uten ski.

Meir informasjon om dei forskjellige turløypene finn ein på nettsidene til skianlegga.

Harpefossen.no

Hornindalski.no

Turløyper Stryn.no

Nordfjordfritid.no,    Veten il

Breimsbygdaskisenter.no

Volda skisenter.no

I innleggeg fra 30 november, Blir du med på tur inviterte eg til haudelyktturar no i denne mørke årstida. Vi er ein fin gjeng som går tur kvar tirsdagskveld. Da legg vi opp turan etter ønske , veir og føre. Da snømengdene ikkje innbyr til turgåing i terrenget uten ski eller trugar har vi gått langs bygdevegane. Ein tur har vi tatt i laussnøen. Da var der trakka spor fra før.  Det er utfordrande å gå i laussnøen, men kjempe god trim for heile kroppen. Om du har lyst til å være med er det berre å møte opp. Gode sko, ein refleksvest og ei lykt så er du klar.   Turane blir annonsert på bloggen/tirsdagsturane og på faceboksida til nytnaturen.no. Lik sida så får du oppdateringer når nye turer blir annonserte.
IMG_20141209_181935  Ein triveleg gjeng poserer for fotografen.
Dei siste dagane har det vore mykje fokus på styggeveiret «Nina» som skulle avlegge oss ein visitt. Eg liker meg godt ute i skogen når det er ving og blåst. Derfor bestemte eg meg for at denne laurdagen skulle eg ta trimturen før husarbeidet. Målet var å gå ut i skogen og føle på naturkreftene, kjenne vinden i kroppe og kor snøen piska meg i ansiktet. Eg pakka sekken med kamera, drikke og ekstra votter.
P1090212  Klar for tur ilag med «Nina».
Var spent på denne temprementsfulle dama. Først på turen fekk eg høyre vinden i trekronene og duren når vinden kom inn langs med fjellsida. Ingen andre lyder var å høyre. Kun vinden. Deilig stillheit i skogen.P1090216
Eit å anna spor i nysnøen etter dyr var det å sjå, ellers var det berre meg og naturen. Å ta seg pause  med ryggen til ein furulegg og berre høyre på vinden. Det er nesten ingenting som kan måle seg med det.
P1090221
Det var mykje laussnø opp bakkane. Har nettopp investert i nye truger og det var ein ny opplevelse å ta seg fram med dei. Etter vel to timer  og mykje svette var eg komt til Gråberg. Og det var nok fraværet av selskapet med «Nina» som var årsak til at Gråberg  vart målet. Akkurat da eg kom på toppen sprakk skydekket opp og sola bada terrenget i flott lys. Og for ein utsikt!! Eg såg tydeleg at vinden ruska i snøen på dei høge fjelltoppane som omkransa fjorden og bygdene der nede. «Nina» vart fort tilgitt sitt fravær og ein hadde plutseleg eit anna fokus. P1090244  P1090239
Ein blir fort kald når ein står i ro etter å ha svetta så mykje. Og ekstra ullskjorte hadde eg ikkje tatt med. Eg skulle no berre ut i skogen ein tur…… Etter litt fotografering, drikke og innskriving i turboka til Markane il var det på tide å snu heim over igjen. No låg spora der så det vart ei enklare reise heim.
P1090243  P1090246
IMG_20150110_121443   IMG_20150110_121753

NATUREN KAN NYTAST I BÅDE STYGGEVEIR OG I FINVEIR. GOD TUR!!