Regjeringa har bestemt at 2015 skal være friluftslivåret. Og formålet med friluftslivsåret er å gje friluftsliv auka oppmerksomhet og å få fleire nordmenn til å drive friluftsliv i ein eller anna form.
Mangler du fremdeles gåver før lista er komplett? Vrir du hjernecellene for å kome på noko lurt?
Eg vil med dette kome med ein ide til ein pakke som kan glede barn og vaksne i alle aldrer.
Kjøp eit kart og gjerne eit kompass og inviter til ein felles tur ilag med mottaker. Dette er ein pakke som ikkje blir skapfyll. Mottaker kan sjølv velge tur eller du som giver kan gje ein spesifikk tur.
Å studere kart er spennande. Å finne nye plasser som ein ikkje har vore, sjå på høgdemeter, setrar/støylar, finne nye stier/råser i nærområdet i eigen kommune og i nabokommunane.
Å ha eit kart på veggen heime der ein teiknar inn turer som ein har gått, korte eller lange. Bruke nåler for å markere plasser som ein har besøkt. Dette kan være med på å trigge nyskjerrigheita til barna og få dei intresert i friluftsliv.
Å lære barna om kartbruk er ei investering for eit spennande friluftsliv seinare i livet. Kart og kompass er eit viktig hjelpemiddel når ein driv friluftsliv, og dei grunnleggande kunnskapane bær ein lett med seg når ein først har lært dei. Det er ikkje berre for å finne fram til der ein skal det er viktig med kunnskap om kart. Det er viktig for å ferdast trygt, for å finne vindstille rasteplasser, finne gode fiskeplasser, finne ut kor høgt ein er, og finne ut kor langt det er til bestemmelses stedet eller om ein må velge ei alternative ruter.Bilde: Litt av mi knippe med kart. Dei er velbrukte og har hjelpt meg mang ein gang.
I vår teknologiske verden så er det mange gode kart å finne på nettet. Men ingen ting slær det å ha eit kart i handa. Da slepp ein også det problemet at ein går tom for batteri på telefonen. Å setje seg ned i lyngen eller på ei setrekvie og studere på kva ein ser rundt seg. Finne namn på plasser som ein har gått eller som ein ser på andre sida av fjorden/dalen.
Ikkje alle turer treng ein kart og kompass til. Inviter med deg gode venner, pakk sekken med god mat og varme drikke og legg av gårde. Ein treng ikkje gå så langt. Det viktigaste er at ein har det kjekt og er ilag. Finn ein fin plass og slå leir. Om omgivelsane tillet det så er det koseleg å fyre bål, spessilet no når det er mørkt ute. Om ein finn ein bergknaus kan det være fint med mange te-lys i bergsprekkene. Husk berre å ta med alt søppel heim etter bruk.
Eg har ved fleire høve brukt denne ideen. Ein vinderdag for mange år sia inviterte eg tre venninder til tur i naturen. Eg hadde på forhand forberedt «leirplassen». For å kome til leirplassen tok eg dei med på ein spasertur for å «villede» dei om målet. «Leirplassen» var 100 meter fra huset. Der sat vi under ei stor gran med levande lys i lykter, kaffi og noke godt å varme seg på i koppen. Det var -12 grader, men vi var godt kledd og det vart seine nattestimer før vi tok kvelden. Ein kveld vi mimrer om stadig vekk no mange år etterpå.
«Mi gran» som vi sat under før «leirplassen» var rigga.
DENNE IDEEN KAN KOMBINERES I DET UENDELEGE, SLEPP FANTASIEN LAUS OG INVITER MOR, FAR, SØSTER, BROR ELLER EIN GOD VENN UT I NATUREN.
KUNNSKAP ER LETT Å BÆRE.
Legg igjen en kommentar