Ein nydeleg haust er over og vi har gått inn i vintertida. Snøen let vente på seg , til fortvilelse for noken og til glede for andre.
Siste åra har eg ikkje brydd meg så mykje om snøen og skiføret. Dette fordi helsa ikkje har tillatt fysisk aktivitet av den sorten. Men fysisk aktivitet er viktig uansett årstid så om vinteren har det blitt haudelyktturer langs vegane eller i terrenget.
For mange er det eit ork å kome seg ut når det er stummande mørkt.
Eg prøver å kome meg ut i frisk luft fleire gonger i veka. Dagslyset er det vanskleg å nå no når dagane er så korte.
Bilde: Ole Morten og eg gjekk to flotte haudelyktturer nær Trondheim sentrum. Ladestien og Geitfjellet.
Det er ikkje kvar dag at haudet og tankane er på rett plass og slike dager er det vanskeleg å kome seg ut i mørknet åleine. Kanskje er det fleire som har det på den måten?
Fremdeles er det utruleg flott å gå på tur i terrenget. Bruke stiane, dei gamle ferdselsvegane, løypetraseane og mindre trafikerte grusveier. Det er noke spessilet med å gå i terrenget. Det er ikkje det same å gå «gatelangs».Har du lyst til å bli med på haudelykt tur ein gong i veka?
Vi kan møtes og gå i ca 1-2 timer. Alt etter veir og føre. Dette skal ikkje være noke treningsøkt. Men ein går så ein held heten og har det kjekt. Og kanskje får ein gått ein plass som ein ikkje har gått i mørket.
Når eg går ut med eit slikt forslag må dei som vil være med akseptere at ein har forskjellige forutsetninger . Turane blir ikkje krevjande og ein venter på kvarandre.
BLIR DU MED?