Har du utforska nærområdet ditt i det siste? Vore turist i eigen kommune? Det har eg vore i dag.
Bilde
Eg og sambuaren min har utforska litt av den flotte kulturparken rundt Sagedammen på Ulvedal. Utgangspunktet var at eg skulle vise han Baggehola, men det vart enda fleire attraksjoner når vi var på dei kanter.

For å kome seg til Ulvedal køyrer ein panoramaveien (rv 613). Kjem du fra aust er det ca 17 kilometer fra Stryn sentrum. Kjem du fra vest er det ca 35 kilometer fra Eid sentrum. Plassen er godt skilta så det er ikkje vanskeleg å finne fram.
P1050812
Bildet: Utgangspunktet ved Sagedammen er godt merka ved rv 613.

Bilturen fram til utgangspunktet er kjempeflott. Vi kom fra aust og hadde flott utsikt over bygdene og fjella på andre sida av fjorden. Dette er ein vei som vi køyrer med jevne mellomrom, men like fint og alltid noko nytt å sjå.
P1050802
  P1050804
Bilde 1: Utsikt fra Panoramaveien.
P1050807
Bilde: Utsikt fra Panoramaveien mot Hildahalsen. Storelogen og Lisjelogen i bakgrunnen.

Sagedammen er ofte brukt som utgangspunkt for kulturløypa på Ulvedal. Her er det gode parkeringsmoglegheiter. Hugs å ta med penger til P-avgift. (kr 20,-).
P1050814  
P1050815
Heile anlegget rundt Sagedammen er godt tilrettelagt. Her er store skilt som viser mange forskjellige turmål og med ca tidsforbruk. Det er også laga til store skilt som fortel om historia på dei forskjellige attraksjonane.P1050921
Bilde: Flotte skilt som fortel litt av historia om attraksjonane.
Sagedammen er eit flott anlegg som er restaurert rundt dette spesielle sagbruksmiljøet  i og rundt elva Ulva.
P1050817
P1050818For å finne veien til Baggehola, Ulvejølet og Botanisk hage er det berre å følge dei godt opptrakka stiane og sjå etter skilting.
P1050873
Sagnet rundt Baggehola fortel at det var ein mann fra Innvik som på 1500- talet vart lyst fredlaus. Han rømte over fjorden til Ulvedalsfjellet og budde i denne hola i 2 år. Kona hans rodde i løynd over fjorden med mat til han.
P1050831
Langs stiane er det sett opp skilt med teikningar og tekst som fortel historia om dei forskjellige attraksjonane. Ta deg tid til å lese og fortel gjerne til den yngre generasjon om historia.

Stien på denne turen er tydeleg i terrenget og fin å gå på. Men enkelte stader må ein vise ekstra oppmerksomhet.
P1050828  P1050829
P1050833  P1050835

P1050844

P1050840 P1050843
Bilde: Ikkje store plassen å bu på i 2 år. Ikkje særleg varmt om vinteren heller.

Eit lite stykke fra Baggehola ligg eit utsiktspunkt som er verdt eit besøk. Dette er Ulvejølet. Langt langt der nede høyrer ein Ulva buldre. Det er sett opp gjerde rundt dette punktet. Ein flott utsikt !!!!
P1050855
P1050856
P1050861
P1050871  P1050874
Bilde 1:Langt der nede buldrer Ulva. Bilde 2: Stien er fin og no blir det frodigare til lenger ned ein kjem.P1050875Bilde: Det er ikkje lange avstandane mellom attraksjonane. Godt merka med skilt.

Ned til Hilljaren er det litt høgdeforskjell. Men stien er fin å gå på. Ein 70-80 meter lang vei er bygd i gammal tid. Den betalte dei 4 rdl for.
P1050880
Bilde: Veien ned til den botaniske hagen.
P1050881
Bilde: Ei spesiell grind skal nok forhindre at grinda blir ståande åpen.
P1050884  P1050882
Bilde 1: Trykk på bilde og få større tekst. Bilde 2: Mange busker og tre har fått plass i hagen.
P1050887
Bilde: Sommer…. sommer …….sommmer 🙂
P1050894
Bilde: Det er fleire gamle frukthager i Ulvedalsberget.
Dette er ein fin familietur.  Denne runden som vi gjekk er på knappe 3 kilometer. Og ein bestemmer sjølve kor lang tid ein vil bruke. Ned i bakkane var det veldi varmt så ta med rikeleg med drikke. Dette er ikkje ein tur for barnevogner. Men området oppe ved Sagedammen er flott også for vogner.
P1050909
Uteområdet rundt Sagedammen er flott og fiskane hoppa livleg i dammen. Det er også muligheiter til å leige annlegget for forskjellige arrangement.
P1050907
P1050904

Kart over turen finn ein på ut.no: Baggehola – Ulvejølet – Botanisk hage

GOD TUR I NYDELEG TERRENG.