Dette innlegget skal handle om den vegen som eg trakka da eg skulle ut å oppdage verden og få den første lærdomen gjennom skuleverket. Dette var vegen eg og mine søsken hadde som skuleveg dei første skuleåra. Det var ikkje snakk om organisert skuleskyss i dei dager.
Når eg no rusler i desse bakkane og langs Svingesetvatnet, så er det mange minner som dukker opp, som da vi stal nedfallsfrukt i Dalane, for så å banke på døra å fortelje kva vi hadde gjordt. Vi vart alltid tilgitt.
Og minner om da vi på heimvegen fra skulen, hadde pause på toppen av Storedalebakken. Der hadde vi pause og åt opp resten av nista vår og drakk resten av den heimelaga appelsinsafta. Det var lange og bratte bakker for små føter.
Vegen går fra den kommunale vegen ved Dalane og til gardane som ligg i Grenda (Myrvang, Fenn, Svingeset, Bakkevoll og Dybevoll). Denne vegen blir i daglegtalen kalla Dalebakkane. Dette naturleg fordi den går opp mellom husa i Daletunet og vidare opp bakkane. Denne vegen vart bygd tidleg på 1900- talet. Og det var oppsitjarane på gardane i Dalane og i Grenda som bygde den. Da Grenda fekk vegutløysing til Maurset og Hatledal tidleg på 70-talet, vart denne vegen ikkje lenger brukt til bilveg.
Dette innlegget vil vise tre forskjellige turer som går i same terrenget, men med forskjellige lengde på turane. Det vil også være nyttig om ein har lese innlegget om Gamle Maursetveien. Då ein kjem innom den også på desse turane.
Desse turalternativa er også eigna for sykkel. I Dalebakkane er det ein del laus stein.
Utgangspunkt/startpunkt er ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane. Der er det gode parkeringsmoglegheiter.
TUR 1: DALEBAKKANE – SAGMODVEGEN – DALANE – SKOGSTJERNA. EIN RUNDTUR PÅ 4 KILOMETER
Garden Dale (i dagleg talen Dalane)
Start ved Skogstjerna og gå den asfalterte vegen til du kjem til Dalane. Her tek du av til høgre og går opp gjennom tunet. Vegen går mellom husa og vidare opp bakkane.
Storedalebakken med «nistesteinen» på toppen.
Fennasaga panorama.
Eit nedtappa Svingesetvatn.
Etter at ein er komt eit stykke forbi Fennasaga og demningen kjem ein til «Sagemodvegen». Her tek ein til venstre. (står nokre kubber i krysset).
Dette må være forløparen til dei flotte løypetrasèane til Turløyper Stryn A/S. Sagemodvegen ligg der tørr og fin i all slags veir. Mjukt og godt underlag å gå/jogge/sykle på. Når du går sagmodvegen ser du garden Myrvang på høgre sida.
«Sagmodveien»
Når ein har gått vestover eit stykke kjem ein ned på gamle Maursetvegen.
Ved dette krysset tek ein til venstre, og vidare ned bakkane til bilveien. Da er det rake veien tilbake til utgangspunktet.
TUR 2: DALEBAKKANE – SAGMODVEGEN – MAURSETTJØNNA, RUNDTUR PÅ 6,5 KILOMETER
Dette er ein av mine favorittar. Om eg skal ha ein rusletur eller treningstur. Ei herleg runde som er ca 6,5 km. Utgangspunktet er det same som tur 1. Ein går same vegen som tur 1 eit godt stykke. Til Dalane, opp Dalebakkane og ut Sagemodvegen.
Våte parti er bygd opp med bruer.
Når ein kjem til den gamle Maursetveien tek ein til høgre og føl den vegen til ein er ved Maursettjønna.
Ta til høgre her
Når ein er komt til Maursettjønna tek denne turen same vegen tilbake til utgangspunktet.
Maursettjønna
TUR 3: DALEBAKKANE – BILVEGEN TIL MAURSET – GAMLE MAURSET VEGEN/HATLEDAL
Denne turen er ei fin sykkelrunde. Distansen er ca 8 km.
Utgangspunktet er Skogstjerna. Ein tek same rute som tur 1 og 2 til Fennasaga. Fortset på grusvegen langs Svingesetvatnet.
Denne vesle høgda heiter Bayerhåjen.
Torvhuset som står langs vegen ved Svingesetvatnet.
Fortset på grusvegen til ein kjem til den asfaltert vegen. Ta til venstre i krysset, og følg bilvegen tilbake til utgangspunktet. Om du sykler får du nokre fine kilometer unnabakke.
Denne runden er ca 8 kilometer.
VIS VARSEMD I NATUREN, TA HENSYN TIL FOLK OG DYR.
GOD TUR.
0 kommentarer
2 tilbakeping