No er det deilig vår ute. Og med vår følger også store temperatur forskjeller. Vi har hatt eit fantastisk veir sia påske. Temperaturer som nesten har tatt pusten fra oss. Men no har det blitt forandring. Nordvesten er kald og siste dagane har snøelingane gått i liene rundt oss på alle kanter. Naturen og alt som kjem opp av jorda om våren kan nok få seg eit sjokk. Håper at frosten ikkje gjer skade på alle desse små vekstane no i tidleg fase.
P1040698  P1040701
Eg fortset å skrive om turar i lavlandet og i mitt nærområde. Og mitt element er skogen. Ingen ting gir meir ro for kropp og sjel enn ein tur i skogen.

Eg velger også for denne turen å legge startpunktet  til ungdomshuset Skogstjerna i Markane. Her er det gode parkeringsmoglegheiter. 
P1040627Første del av turen går på asfalt og i lett unnabakke. Trafikken er ikkje så veldig stor så det går fint å finne roen fra første steg, (dvs når ein har komt seg trygt over riksveien). Det er mykje å få auge på når ein tek seg tid til det.
P1040632
Det er snart 20 år sidan skulen i bygda vart lagd ned, men skuleskilt har vi enda……
P1040703Når ein kjem ut i Langeflata ser ein eit felt som fekk store skader i stormen Dagmar. Mykje skog vart rasert, men grunneigaren har fått rydda opp og terrenget har blitt åpnare og lysare. No har ein fått utsikt mot øverste tuna  i Hatledalen og mot Navelsaker, på andre sida av Hornindalsvatnet.
P1040642Ein fortset på den asfalterte bygdevegen forbi garden Dalane og kjem snart til Dalebrua. Rett etter brua, og før ein kjem til saga, tek ein til høgre. Her kan det også være mogeleg å parkere ein bil. I så fall, køyr godt ut av vegen.
P1040648Den gamle Maursetvegen vart bygd tidleg på 1900-talet. Det var folket på Maurset som bygde vegen, det meste på dugnad. Det vart arrangert vegbasar og inntekta fra basaren gjekk til vegprosjektet fra Maurset til Dalane. Dette i forbindelse med at riksvegen gjennom Markane vart ferdig. Tidlegare hadde folket på Maurset hatt veg til Øyane, men all handel og vandel føregjekk på Faleide.  Denne vegen vart bygd for å korte ned reisetida med hest og vogn eller slede. Denne vegen var i bruk heilt til byrjinga av 70-åra.
P1040652
Når ein har tatt av fra asfalten er ein på den gamle Maursetvegen. Og det er berre å ha åpne sanser.

Vegen går forbi rørgata som kjem fra Svingesetvatnet og den frakter vatn  til kraftstasjonen som står heilt ned i dalbotnen. Rørgata og kraftstasjonen vart teke i bruk i 1920. Rørgata går langs vegen eit lite stykke oppover. Så dreier vegen meir mot nordvest.
P1040656
Det er ikkje mykje stigning på denne turen. Utgangspunktet  ligg på ca 210 moh.  Stigninga er på første del av gamlevegen. Etter kvart flater terrenget ut. Maursettjønna ligg på ca 310 moh.
P1040658Underlaget på veien er mjukt. Enkelte plasser kan det være ein del vatn, men kva gjer no det når ein er ute i skogen. Det er eit ypperleg terreng å jogge i.
P1040662Eg kjenner ikkje så mange namn langs denne vegen, men eit par har eg høyrt. Dette bilde er fra Leirhola. Vegen flater ut etter at ein har passert Leirhola.
P1040664Merkjingshåjen er eit anna namn som eg har høyrt. Dette namnet kjem truleg av at grensa/merkje mellom eigedomane i området  står opp på ein haug like ved vegen. Som ein ser av bildet er vegen tydeleg i terrenget.P1040666
Når ein nærmer seg vegenden, dvs der den kjem opp på bilvegen, så er den delvis opparbeidt med sagmod/flis. Det gjer at den er tørr og fin sjølv om det er mykje nedbør. Gamlevegen kjem inn på bygdevegen ved Maursettjønna.  Da åpner landskapet og ein ser mot Gulekoppen og  austover mot Gryta. Maursettjønna ligg på ca 280 moh. Her står det  ein fin liten benk så ein kan ta ein pause før ein set kursen tilbake til utgangspunktet.
P1040682
P1040683
Mange er opptatt av at det skal være utsikt der ein går. På denne turen er det ikkje så mykje utsikt, anna enn skog, men det er ein heilt fantastisk ro på denne vegen. Her kan ein tenkje dei store tankane eller berre la homla suse. Og om veiret er ruskete og kaldt, er det mildare og stillare i skogen. Om det bles, stopp opp og høyr kor det knaker i dei store furutreea……. Eg var så heldig å få sjå ein orrefugl fyke opp da eg stod og høyrde kor treea knaka.
P1040686Denne turen er ca 5,5 km tur/retur Skogstjerna. Det er ein tur som eg anbefaler om ein berre skal ha seg ein rusletur i fred og ro eller om ein skal ha seg ein skikkeleg treningstur. Det er også mogeleg å sykle denne vegen om ein har sykkel for slikt terreng.  OG ikkje minst, ein tur som er fin for barna. Tenk alt det spennande ein ser i skogen.

Kart over turen finn ein på ut.no :Gamle Maursetvegen

GOD TUR!!!