Ein treng ikkje alltid å gå så langt, eller så fort, eller så høgt. Senke skuldrane og ta eit skritt til sides.
I dag var min tur ein slik tur.
Fekk ein invitasjon om tur ut i skogen. Og eg seier sjelden nei om noken spør om det. Ein førmiddagstur i kjent terreng når sola skin fra skyfri himmel og det er vår i lufta er heilt topp.
Vi starta i kjent terreng og tok Den Trondheimske postvegen fra Langeset til Faleide. Å kome ned i bakkane der sola steiker, fuglane kvitrar og vårblomstrane er byrja og titte fram er balsam for sjela.
Tørt og mjukt underlag å gå på og først på turen er det berre unndabakkjen.
Da vi kom til skulemuseet på Faleide tok vi nokre steg til sides og gjekk over «skuleplassen» og ut gjennom skogen. Klatra over eit gjerder og kom til nokre gamle uthus. Fantastisk å sjå dei gamle husa som er tatt så godt vare på. Lengst ute på ein lite flekk av dyrka mark… DER blomstra heile bønen med påskeliljer.
Vi gjekk gjennom gammal skog og kom heilt ned til sjøen. Vi tok ein pause og let augene kvile på den blikkstille sjøen, dei snødekte fjella inst i fjorden og heile Blaksetebygda som låg bada i sol. Der er dei sikkert godt i gang med vårvinnja. Vi høyrde arbeidsfolka på andre sida av fjorden som jobba på Norges verste vei, Olden-Innvik.
På heimvegen gjekk vi på «laust» opp bakkane. Vi kom fram på gamle steinmurar. Vi såg godt trakka hjorte reser. Inntrykka var mange, ein ser så mykje fint om ein berre tek seg tid.
Det er fri ferdsel i utmark. Kva som er utmark og kva som er innmark kan i enkelte høve være vanskeleg å skilje. Nokre punkt bør alle vite om.
Ein skal ikkje gå over dyrka mark, ein skal ta spesielle hensyn til husdyr på beite. Selvfølgeleg må ein også ta hensyn i og nær gardstun, hytter og boliger ellers. Ein må ikkje skade naturen, ta med alt søppel heim og ikkje lage unødig støy.
Les meir om fri ferdsel i utmark i Friluftsloven og Allemannsretten.
TA TUREN UT OG NYT.
Legg igjen en kommentar