Står du i beit for å finne på gåve ?
Da vil eg foreslå eit gåvekort på ein tur. Ein tur ut i naturen, ein biltur eller ein tur på kafè. Eller alt dette i kombinasjon. Det er fantasien som set grenser…..
Eg var så heldig at eg fekk ei slik gåve da eg fylte 50. Da inviterte ungdomen min meg med på fjelltur i Rondane. En fantastisk opplevelse som eg vil huske resten av livet. Det var kvalitetstid ilag med dei som eg er aller mest glad i. På turen plukka vi 2000 meters topper. Eg tok to og dei tre stykker. Opphold og flott måltid var også inkludert. I tillegg fekk eg ei flott bok om alle 2000 meter toppane i Norge. Mykje å plukke av der.
Eg har ved fleire høve brukt denne idèen.
Ei venninde og eg vart enige om at som presanger til bursdager og jul skulle vi overaske kvarandre med ein tur. .
Dette bildet frå ein tur til Flø. Der møtte vi ein bonde som selde nyplukka gulrot. Lykke.
Bakgrunnen for at eg skriv om dette er at mor fyller 74 år på søndag. Og på spørsmål om kva ho ønskte seg til bursdagen sin, kom svaret raskt og kontant: BILTUR! Og biltur skal det bli. Da fyller vi bilen med nistekorg med mykje god mat og kaffi.
Dette bilde fra ein gavekorttur til Bremanger i 2013.
I dette området er det mange uoppdaga fjorder og grender.
Det er mange som av ulike grunner ikkje kjem seg på tur. Kanskje har dei ikkje nokon å reise ilag med eller det er andre ting som begrenser turmoglegheitene.
Kanskje kan du invitere med deg mor og far, besteforeldre eller ei tante og ein onkel. Eller kanskje er det ein naboen eller ei venninde/venn som treng ein invitasjon.
Tid som vi bruker i lag med dei som ein bryr seg om er ei god invistering.
GOD TUR 🙂