nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Tjønnane på Hildahalsen

Innvik har mykje fint turterreng. Denne turen går på skogsveg  frå Hildaneset til Tjønnane. Ein tur som er knappe 7 kilometer ein veg og som har ei stigning frå 0 til ca 580 moh. Utgangspunket for turen er ved skogsvegen på Hildaneset. Der er plass for parkering til nokre få biler. Skogsvegen ligg på nordsida av Hildahalsen og utsikta til Nordfjorden, fjella og bygdene på nordsida av fjorden er flott. Bygdene ein ser er Robjørgane, Sætren, Svarstad, Faleide og Bergsida.

Når ein kjem endå lenger opp i høgda får ein flott utsikt ut fjorden. På venstre sida ser ein dei siste gardane i Innvik og deler av Utvik, Ulvedalsneset med gardane på Ulvedal og Roset på høgre sida.Frå Hildahalsen er det mange merka ruter ned til bygda. Terrenget er hylleforma og det er viktig at ein føl dei merka stiane. I siste del av innlegget har eg lagt med eit kart der dei forskjellige rutene er teikan inn og med beskrivelse av turane.
    

Dei første 3 kilometerane av denne turen er skogsbilveg deretter går det over til skogsveg med litt grovare underlag, men likevel enkelt å ta seg fram.Ved skogsvegenden,  ca 450 moh, er der fin plass å ta ein rast før ein går over i rås den siste kilometeren. På denne turen møter ein ikkje så mange turgåarar, men absolutt eit område å anbefale fleire å utforske. Nydeleg og lett terreng innover Hildahalsen mot Tjønnane.
Tjønnane er eit naturreservat.  Tek ein eit googelsøk på Tjønnane naturreservat får ein straks utvida horisonten om myr- og torvartar.Utsikt mot Stryn sentrum med Gryta og Årheimsfjellet.Frå Geitaberget (der trimposten står) går det merka sti vidare mot Drageset. Har ein mogelegheit så kan ein parkere ein bil der og ta heile turen frå Hildaneset til Drageset. Tek ein den turen passerer ein råsa som går til Høgefossen. Ein foss som ein kan gå bak om. (arkiv: Høgefossen og Langhamrestova).
     

Området ved Tjønnane er dominert av forskjellige myr og torvarter. Det særmerkte med Tjønnane naturreservat er at der er både strengmyr (som er knytt til innlandsklima) og terrengdekkandemyr (som krev kystklima). Les meir om naturreservatet her.November kan være ein fin månad å utforske nytt terreng på.  All slags veir og årstid har sin sjarm og det kan ikkje alltid være knall blå himmel og sol. Det var ein flott opplevelse å sitje her og sjå på den speilblanke tjønna og korleis vinden kom i kraftige kast og laga mønster i vasskorpa.

Bilde med innteikna turruter og beskrivelse av turane laga av lokalkjent mann frå Innvik. Mange alternativ til fine turer i denne delen av kommunen.Turen frå Hildaneset til Tjønnane er knappe 7 kilometer ein veg.
Kart over turen ligg på Ut.no: Tjønnane på Hildahalsen

GOD TUR I NYDELEG TERRENG.

 

 

 

 

Trivselsskogen på Sandane

 

Trivselsskogen på Sandane er eit unikt turtilbod som er godt tilrettelagt i variert terreng. Eit godt utbygd stinettverk gjer det mogeleg for mange å finne turalternativ som passer til ein kvar tid.  Trivselsskogen inneheld mange element, blandt anna sherpatrapper, solplatå, dagsturhytte, gapahukar,utsiktspunkter, kjærleikskog. Det nyaste i skogen er Trygg i naturen, TIN-camp.

Trivselsskogen finn ein i terrenget på nordsida av E39 like ved Sandane sentrum.
Via facebook blir ein oppdatert om kva som skjer på anleggsfronten.
Det nyaste prosjektet i Trivselsskogen er Trygg i Naturen, TIN- Camp. Dette er eit lågterskel tilbod  der dei ynskjer  å gje barn, unge og folk med funksjonshemningar lettare tilgang til naturen.

Eit stort antall dugnadstimar har blitt brukt og nye prosjekt er under bygging. Trivselsskogen er eit andelslag der kan ein kjøpe andelar for å støtte dugnadsarbeidet som blir lagt ned til nytte og glede for alle.

Parkering og utgangspunkt for tur i  Trivselsskogen er ved første avkøyrsle på høgre side av E39 etter krysset Sandane Aust i retning Anda.

Det er skilta  i alle kryss med kart og retningspiler som angir avstander til neste attraksjon.Stinettverket i Trivselsskogen består av flislagde vegar, stiar, sherpatrapper og skogsvegar. Sherpane frå Nepal har lagt ned mange arbeidstimar i dei bratte partia mot Holvikfossen og Utsikten. Det har blitt til flotte trapper, eit kunstverk og attraksjon i seg sjølv. Trappene gjer det enklare for turgåare å ta seg fram i dei brattaste partia.Holvikfossen er ein av attraksjonane i Trivselsskogen. Den er eit landemerke for området rundt Sandane. Opp langs Holvikfossen er der eit utsiktsplatå der ein kan sjå fossen på nært hold. På toppen av fossen er der laga ein fin rasteplass. Utsikten ligg like ved vegen som går til Austerheimstøylen . Dette er eit flott utsiktspunkt med bord og benker der ein kan sitje og nyte den storslagne utsikta over Sandane sentrum og bygdene i nærområdet.  Opp og ned frå Utsikten går nye ståltrapper paralelt med vegen.Draumekvila er dagsturhytta til Gloppen kommune, og var den første av dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Draumekvila ligg på eit utsiktsplatå på vegen til Utsikten. Hytta er ein plass for å få på tørre klede, ete matpakka si og få litt varme i seg. Alle dagsturhyttene er utstyrt med eit nynorsk minibibliotek. Ved Draumekvila er der også utedo.  Å gå gjennom Kjærleiksskogen gir ein ro i sjela.  Stille å roleg å spasere mellom treleggane der folk på forskjellig vis har vist sin kjæleik.Ein kan møte geiter i skogen. Desse går i området mot Utsikten eller mellomveien frå Kjæleiksskogen til Trygg i naturen området.
Solplatået er eit anna område å gå innom. Der er grill og sitjeplasser til ca 45 personer.

I Trivselsskogen er det planer om å lyssetje stiane.  Då blir området enda meir attraktivt i den mørke årstida. Det er sesong for tur i desse stiane heile året, bortsett frå når det er mykje snø og is.

Stinettverket er laga som ein rundtur, på heile runden bruker ein 1,5-2 timer. Studer kartet ved utgangspunktet. Runden kan gåast begge vegar.  Det er mange attraksjoner og mange fine plasser å setje seg ned så ta deg god tid. 

GOD TUR!

Hovden på Stadlandet

Stadlandet har mange populære reisemål og eit av dei er fjellet Hovden.  Turen har utgangspunkt i Ervik, den vesle bygda som kan by på mange fine opplevelser.Turen ut til Hovden er enkel og fin å gå for store og små.  Det er to alternativ for utgangspunkt. Ein kan starte ved minnekapellet og gå  den kvite sandstranda til campingen og vidare på vegen til naustrekka på venstre sida av vika. Der i frå går ein opp bakkane til ein kjem til den gamle vegen. Eller ein kan ta av frå bilvegen i bebyggelsen og følge skilting til camping. Parkeringsmogelegheiter finn ein ved brua som krysser Lakseelva. Der er også snuplass for skulebussen så parker ikkje på snuplassen.Denne turen har vi gått som ein rundtur. Vi valgte å starte med å gå gjennom tunet på Aslakgarden, på returen gjekk vi ned bakkane til naustrekka og vegen tilbake til bilen. Totalt vart det ca 3 kilometer.Denne vegen har lege i terrenget i mange år. I 1932 vart det bygd flyvarslingsstasjon på Hovden og under andre verdskrig bygde tyskarane festning på fjellet.I det åpne landskapet får ein eit flott tilbakeblikk over Ervikbygda, Erviksanden, Lakseelva og Storevatnet.Tyskarane nytta russiske krigsfanger til å byggje dei store festningverka på Hovden. Ein tunnel, som vart nytta til b.l.a ammunisjonslager under krigen, går gjennom fjellet. Bygdafolket har pussa opp tunnelen og området rundt så det er fint å gå gjennom. Tunnelen som går rett fram fører til eit utsiktspunkt. Ei lykt er ein fordel å ha med om ein vil gå gjennom tunnelen.
   
Frå utsiktspunktet ser ein rett mot det lunefulle Stadhavet og Litlehovden.På veg inn tunnelen vil ein sjå fleire sidetunneler. På venstre side er ein tunnel der ein kan sjå ein stige i enden. Prøv den på tilbaketuren frå utsiktspunktet.  Klatre  opp stigen og ein kjem i dagslyset igjen.
   
Hytta som står ytterst på kanten på Hovden er ei gammal vakthytte.  Hytta vart bygd i 1942-43 av tyskarane. Det vart leigd inn norske arbeidara, på det som vart kalla Tysk anbud. Etter krigen overtok den Norske marinen vakthytta og brukte den i fleire år til overvaking av fly og båttrafikken. Sist på 1950 talet vart hytta seld til ein privatperson. Seinare (ca 1970) overtok Ervik Jakt og Fiskelag hytta. Dei har utført mykje restaureringsarbeid på dugnad.Hovden sett frå Erviksanden.

PRØV DENNE TUREN YTTERS MOT VEST.

Risnakken i Selje

Risnakken ligg rett ovanfor Selje sentrum og er ein kort og godt tilrettelagt tur. Dei 350 trappetrinna tek ein med til eit utsiktspunkt der ein ser Selje og områda rundt.
Denne turvegen som vart offisielt opna i 2010, er lyssett heile året.
Utgangspunktet for turen er i byrjinga av Skogavegen ved Doktorgarden. Parkering ved Selje skule eller idrettshuset.
   
   
Ved utsiktspunktet er det laga til platting med rekkverk. Der er også bord og benk. Ein fin plass å nyte medbrakt kveldsmat å sjå solnedgangen.Her ser ein over til Salt, Barmsundet, Barmøya.Vestover ser ein godt Seljesanden, Ersholmen, øya Selja og Fureneset.Litt bak utsiktspunktet ligg Risnakken aktivitetspark. Denne er under opparbeiding. Mange treningsapparat er montert i terrenget og har ein gått trappene opp er oppvarminga unnagjordt. Her er det trening med utsikt og frisk havluft.
Dagsturhytta til Selje kommune kjem  også i denne aktivitetsparken. 

PRØVE DENNE TUREN TIL UTSIKTSPUNKTET.

Hamserunda på Strynefjellet

Utgangspunkt for denne turen i Hamserunden er ved den store rasteplassen i Hamsevika på Rv 15 Strynefjellet. Ein kan også køyre Gamle Geirangervegen til bru over elva Hamsa like ved Breidablikk hyttefelt.
Første del av denne turen går på nydeleg grusveg. No hausten er det flott å sjå alle dei fine fargane som dekorerer terrenget. Sjøl planter som er visna og avblomstra har fine farger.Gode og tydelege skilt er sett opp og viser veg langs heile runden. Bildet under viser der ein tek av frå Gamle Geirangervegen. Turen går no vidare på grusveg eit stykke opp i hyttefeltet før det går over i rås.Ute på tur må ein huske på å snu seg og sjå på utsikten tilbake til utgangspunktet. Denne dagen gjekk styggeveiret gjennom Breidalen, mens vi som gjekk turen til Hamsetjønnin hadde berre fint veir.Denne turen er enkel å gå med ei stigning på ca 100 høgdemeter. Den er godt merka med skilt og raude merkjer på steinar. Når ein har kryssa elva ved første Hamsetjønni er råsa varda og T-merka.
Turen dreier nordaust over etter at ein har passert første Hamsetjønni/Hamsevatnet. På bildet under ser ein vidare inn Hamsedalen og fjell langt i det fjerne. Litt usikker men kansje er det Vesteråshornet (1530 moh) ein ser.Mot nordaust ser ein Krosshø (1857 moh). Denne dagen, i slutten av august ,med eit lite melisdryss. Når ein går oppover på vestsida av Hamsa kan ein sjå vardane på andre sida av elva som ein skal følge på turen tilbake til Hamsevika.På bildet under ser ein Hamsedalen/ Nordre Breidalen med alle sine tjønner. Går ein vidare gjennom Hamsedalen kjem ein til ei hytte som er eigd av Skjåk Almenning. Denne hytta kan ein leige for ein billig penge. Ta ein titt på den her: Kvitberghytta.
Vidare frå Kvitberghytta kan ein gå mot råsa som kjem frå Kolbeinvatnet. Eg har ikkje gått denne runden, men ser enkelt ut på kartet.Like ved der råsa krysser Hamsa er der ein varde og benk til å ta ein pause. Her er det fint å sitje og finne roen. Går ein turen om sommaren i varmt veir er mogelegheitene mange for å ta ein dukkert langs denne turen.
Det er trygg og god bru over elva. Her i frå går råsa nordover og kjem inn på den merka løypa til DNT sine sjølvbetjente hytter Kaldhusseter og Danskehytta. Denne turen føl T-merka rås tilbake til Hamsevika.
Fin rås og godt merka. Fjellet er verkeleg fint no hausten med alle fargane på vegetasjonen og den klåre lufta.Når ein nærmer seg Den gamle Geirangervegen krysser ein skomakerelva på god bru. Her er også rås som er merka til Danskehytta.
Like ved dette stidele ligg  Hamsehytta, eit restaurert kulturminne.
Les meir om hytta og vegbeskrivelse her: Hamsehytta.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Hamserunden

Starter ein turen frå rasteplassen i Hamsevika blir turen lenger enn det som kjem fram på ut.no

PRØV DENNE FLOTTE ENKLE TUREN HØGT TIL FJELLS!

Bjørnakjelda høgt over Loen

Denne turen er ein bratt tur opp til ei hytte som ligg høgt over Loen.  Ein kan sjå hytta frå Loen sentrum og frå bilvegen når ein kjem køyrande frå Olden. Hytta er eit sameige i Loen.

Utgangspunktet (som vist på bildet under) er ved skogsvegen som går til venstre like før Tjugen camping.  Skogsvegen er fin å gå på og tillaga med steinklopper over små elver.
Dette er også utgangspunkt for tur til Lohøgesetra og Årheimsfjellet.
    
Like før ein kjem til brua som krysser Hagedøla skal ein ta til høgre. Denne råsa er ikkje merka og kan være litt vanskeleg  då det ligg i eit granfelt. Når ein  har tatt til høgre like før brua så drei mot venstre opp bakkane og ein vil finne tydeleg rås. Ein skal passere den krokete granleggen som vist på bildet under.
   
Ein går i skogsterreng og bratt rås. Muskelaturen og pusten får trena seg skikkeleg.
Enkelte plasser får ein ei åpning i skogen og flott utsikt nedatt til bygda.Når ein kjem høgare opp er råsa merka med raude prikker på stein og trelegger. Spessielt rundt og mellom desse hamrane var det godt med merking. Viktig i ukjent og ulendt terreng å vite at ein er på rett spor.
Etter knappe 3 kilometer og ca 700 meter stigning er ein ved hytta.
Det har blitt fortalt at hytta har fått namnet fordi her er einaste plassen ein finn rennande vatn i området og ein bjørn vart ein gong observert her, ståande å drikke ved denne kjelda.
Hytta ligg fint ut på kanten og det er flott utsikt ned att til Loen og Lovatnet. I aust kan ein sjå Skåla, Vesleskåla, Skålelva og råsa som snirkler seg opp bakkane til det populære fjellet. 
Kart over turen ligg på Ut.no: Bjørnakjelda høgt over Loen

NYT TUREN, STILLHEITA OG UTSIKTA !

 

Godøyfjellet – Alnes

Godøy er ei av fire øyar i Giske kommune, vest for Ålesund. Disse øyane, Giske, Vigra, Valderøya og Godøy blir også kalla sagaøyane. Øyane som er knytt ihop med undersjøiske tuneller og bruer ligg berre ein kort køyretur frå Ålesund.
På Godøy er det bebyggelse på sør sida av øya og på nordspissen der bygda Alnes ligg.  Det er ein del gardsbruk på øya, men det er fiske og fiskeforedling som er viktigaste næringsvegane. Det bur ca 1100 mennesker (2017) på Godø.
Bygda Alnes var ei veglaus bygd fram til 1964. No er det enkel tilkomst til bygda gjennom Alnestunellen som går gjennom fjellet Hundagjølet. I denne tunellen, som er ca 1500 meter, er det også gang/sykkelveg. Gamlevegen går på nordaust sida av øya og er brukt som gang- og sykkelveg.
Alnes var i sin tid eit av Sunnmøre største fiskevær, og har eit verneverdig kulturlandskap. Bygningane frå dei 11 gardsbuka ligg i rekketun.
Fiskeværet på Godøy tilbyr rorbuer med båt og gode fiskemogelegheiter.

Det høgaste punktet på øya er Storhornet med sine 497 meter over havet.  Godøy idrettslag har rydda og merka mange turstiar på øya.

På Godøy er det to fyrstasjoner. Begge er spesielle og freda.
Høgsteinen fyr, som ligg på øyas sørligaste punkt, er eit innseglingsfyr.  Det 11 meter høge teglsteintårnet er bygd i 1857. Det vart avbemanna og automatisert i 1905.
Alnes fyr har med sin flotte natur, det freda kulturminne og nærheita til havet blitt ein turistmagnet. Med få avbrekk har det vore fyrverksemd på Alnes sia 1852. Fyret er framleis i full drift.
I 2016 åpna eit nytt opplevelsessenter og kulturbygg på Alnes Fyr. Dronning Sonja stod for den offisielle åpninga. Senteret har heilsårsåpen kafe og galleri for kunst. Kystverket har utstilling i kafen.

Denne turen til Godøyfjellet starter like ved den store parkeringsplassen som ligg ved Alnestunellen. Følg asfaltvegen ca 200 meter mot Alnes. Der er grind/grindstige, som vist på bilde, der råsa starter. Ein kan også starte like ved fyret, dei to stiane kjem ihop oppe i lida.
Råsa er tydeleg og fin å gå på.
 
Under oppstigninga får ein både sjå og høyre storhavet. Utsikta tilbake til bebyggelsen på Alnes og øyane Giske og Valderøya kjem fort.

På nordvest sida av øya ligg den kritt kvite sandstranda i Sandvika. Denne stranda er populær til både bading og surfing.  Nedkøyring til stranda  ser ein midt på bildet under.Oppe på høgda ligg Alnesvatnet (254 moh) med mange små holmer og viker. Detter er drikkevasskjelda for Giske kommune og det er forbudt å bade der. Når ein rusler langs vatnet er det utruleg at ein er så nær storhavet. Ved vatnet er det stillheita som råder.
Ved nordenden av Alnesvatnet er der skilta til forskjellige turmål på øya. Vil ein sjå og oppleve Johan Skytt, steinen som stikk ut fra fjellet og som er eit Trolltunga i miniatyr, tek ein råsa til venstre. Denne turen går vidare på høgre side av Alnesvatnet, i tydeleg rås forbi hytta til Ålesund jeger og sportsfirskerforening. Heile tida ser ein Storhornet på andre sida av vatnet.

Oppe på fjellet er det store vidder med myr- og torvterreng. Før i tida var det uttak av torv og ein kan sjå spor etter dei gamle torvvegane. På sørsida av vatnet har råsa blitt steinsett.
   
Også ved sørenden av Alnesvatnet er der merka rås til Storhornet. Denne turen går ned på sørsida av øya. Og som på nordsida får ein fantastisk utsikt. Her mot sørspissen av øya der Høgsteinen fyr ligg, mot Sukkertoppen og Ålesund by. Frå venstre ser vi Valderhaugfjorden, Heissafjorden og Sulafjorden.Råsa frå Godøyfjellet og ned til Juv er fin og nyrydda. Vi fekk sjå ei par overaskelser langs råsa når vi nærmer oss bebyggelsen. Flott handarbeid.
   
   
Når ein har gått eit stykke vestover langs den gruslagde turløypa kjem ein til ein opparbeida parkeringsplass der det står skilt med oversikt over andre turer på øya.  Her kan ein også ta utgangspunkt for turen til Godøyfjellet eller i fjøra rundt vestsida av øya.
   
Vidare går turen på grusveg og i rås vestover.
   
På veg vestover langs fjøra ser ein over til Hareide og Flø. Ein ser også øyane vest i havet med Runde lengst vest.Turen langs fjøra frå Juv og rundt øya går første stykke i rås med mjukt underlag. Etterkvart går ein på berg og i steinur. Ruta er tydeleg merka med raude prikker som er  måla på berget og på steinar. Ein kan sjå at ruta langs fjøra er jobba ein del med for å lette framkomsten. Enkelte plasser er det lagt ut kjettinger for at det skal være tryggare å kome seg over kløfter i terrenget.
   Fjellet  som raver ytterst mot vest heiter Lesten og ligg 357 moh. Skjeret som ligg under fjellet, rett utfor spissen av øya heiter Lestaskjeret. Ein finn enkle skilt med stedsnamn og forklaringer langs turen rundt øya. Turen på nordsida av øya og innatt til Alnes er enklare å gå enn på sørsida. Her ser ein fyrstasjonen på Alnes, Vigra og Valderøya i bakgrunnen.På siste delen av turen kan ein velge om ein går heilt i fjøresteinane inn til badestranda i Sandvika eller litt høgare oppe. Går ein den øverste leia kjem ein inn til denne bygningen og går vegen vidare inn til bebyggelsen.
   
   

Turen  Alnes – Godøyfjellet – Juv – Alnes er 12 kilometer.

Kart over turen ligg på Ut.no: Godøyfjellet-Alnes

Hornet frå Hamnneset

Hornet, eller Sørlandshornet som det også blir kalla, ligg på sørsida av Eidsfjorden. Første stykke av turen går på gardsvegen til den fråflytta garden Hamnes. Vidare på skogsveg nesten til Hamnessetra. Frå setra går ein i tydeleg rås.

For å kome til utgangspunktet for turen køyrer ein ut langs sørsida av Eidsfjorden mot Torheim. Like før ein er på Hamnneset kjem ein til gardsvegen som går opp til den fråflytta garden Hamnes. Ein kan ikkje køyre opp til garden så parker godt til sides i krysset så ein ikkje står til hinder for grunneigaren.

Turen til Hornet er vel 4 kilometer ein veg og har ein høgdeskilnad på ca 700 meter.
Oppstigninga på denne turen byr på flott utsikt mot Eid sentrum og bygdene og fjella på andre sida av Eidsfjorden. Skogsvegen er fin å gå på, men til tider ganske bratt.Der er ein del stikkvegar på skogsvegen, vær obs og sjå etter skilting på trestammane.
   
Hamnnessetra ligg på eit platå og siste stykket fram til selet er nesten flatt. Når ein er komne til setra er ein 398 moh, og vel halve stigninga er unna gjordt. På setra er det skilta til Skareide og Sørland, så det finst andre vegar å velge om ein vil.Eit stykke forbi setra opnar landskapet seg og ein ser rett ut Nordfjorden heilt til Totland. Sørover frå Hornet ser ein mot mektige fjell i Bremanger kommune. Frå venstre Gjegnen/ Blånibba (1670 moh) og Bukkenibba (1520 moh). Nesa som stikk ut i fjorden er Hjeltneset på høgre side og Krokeneset på venstre side.Frå Hornet ser det ut for å være fint å gå austover mot Nova – Grønskrenykjen – Bjørnaskarnakken og til Hanshjellen på Hundeidfjellet.
Ein fantastisk utsikt i alle retninger. Denne dagen i mai var det stor flytrafikk over området og det var fremdeles mykje snø i fjella.

Kart over turen ligg på Ut.no: Hornet/ Sørlandshornet

GOD TUR.

 

Kjerringehalsen fyrlykt på Frøya

Kjerringehalsen fyrlykt ligg på vestsida av Frøya og sikrar innseglinga til Steinset og farvatnet vidar sørover mot Frøysjøen. Fyrlykta vart satt opp i 1904. Lykta vart noko endra i 1934 og ombygd til solcelledrift i 1994.

Bremanger kommune har mange flotte turer å by på.

Utgangspunktet for turen til Kjerringehalsen fyrlykt kan være i Kalvåg sentrum eller ved Småvågane like i nærleiken av Steinset.
Starter ein i Kalvåg sentrum går ein vegen som går til Steinset.  Ein asfaltert veg gjennom eit boligområde. Etter det høgaste punktet på vegen kjem ein til ein benk og eit skilt med kart over området. Der starter turen til Kjerringehalsen og andre turar i området. Turen går i lett kuppert terreng og er merka med grønne stikker langs råsa. Det kan være enkelte våte parti. Det er litt stigning ved starten av råsa i Småvågane der turen går over eit berg.   Dette er ein spennande tur der ein kan få oppleve havørn og oter om ein er heldig.
Frå ein tek av frå den asfalterte vegen like ved Steinset og ut til fyrlykta er det 2,2 kilometer. Når ein nærmer seg fyrlykta er råsa sikra med smijern som er bolta fast i fjellet  Dette for at det skal være ein tryggare veg, for rett utfor råsa ligg storhavet mot vest.   
Det siste stykket opp mot fyrlykta er litt bratt men også der er det  rekkverk og godt å gå. Og vel framme er det berre å setje seg ned og nyte havet og utsikta mot Mulehaudet i vest.Mot sør ser ein mot Florø og øyane utanfor. Frøysjøen er full av øyer, holmer og skjer.  Nærmast Kjerringehalsen  fyrlykt ligg Havrøya og Håøya. Det seiest at det i Frøysjøen ligg like mange holmar, skjer og fluer som det er dagar i året.Utsikt mot bygda Steinset.
Utsikt mot vest, Havrøya til venstre og Mulehaudet til høgre.Ei fyrlykt ytterst på halsen som skal vise veg og gje tryggleik for alle som ferdes langs kysten.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Kjerringehalsen fyrlykt på Frøya

Karbø-Toskedalsetra-Skaret-Hellesylt-Karbø

Denne turen er beskreven som ein rundtur, men mange tek turen kun til Toskedalsetra eller til Skaret. I Skaret har Sunnylven i.l trimpost.
Utgangspunktet for turen er på høgre side av  Rv 60 på Karbø. ( etter krysset til Nordangdalen).
Det er gode parkeringsmoglegheiter ved utgangspunktet.Turen er godt merka med skilt ved utgangpunktet. Dette er også utgangspunkt for turen til Steimsnibba. Fram til Toskedalsetra er det skogsveg. Ta deg god tid for det er mykje å sjå langs vegen. Der er også tilrettelagt med fleire plasser der ein kan ta pauser opp lia. Nyt utsikta tilbake mot dalføret og stillheita.
   
   
   
   
  
Like ved setrevollen har ein flott utsikt tilbake til bygda og fjella på andre sida av dalføret.Toskedalsetra ligg 503 meter over havet og er setra til garden Karbø og tre bruk på Langeland.Vidare frå setra går stien bak det raude og dei brune sela. Der står ein staur med raud måling på. Der i frå er stien tydeleg og delvis merka. Frå sertra til Skaret er det ca 150 meter stigning.
   Sunnylven i.l har trimpost i Skaret som ligg 665 moh. Nydeleg utsikt mot Sunnylvsfjorden.  Føl ein råsa som ein ser nede i venstre hjørne på bildet kjem ein ned til ein flott varde. Denne varden har namnet Ripavarden. Og namnet har den fått av første bokstav i fornamna på dei som bygde den.
Frå Skaret og heilt ned til Hellesylt går det eit jøl, det heiter Kremmarjølet.Panoramabilde fra Skaret. Ein ser frå venstre Sætredalsfjellet (1526 moh), Sunnylvmolskreddalen , Blåfjellnibba (1489 moh), Sunnylvsfjorden, Lundaneset ved inngangen til Korsfjorden og Geirangerfjorden, gardane på Åsen (210 moh) og gardane Korsbrekke ved fjorden.Nedstigninga til Hellesylt er skilta. Ein må være sikker på at ein har riktig sti før ein starter nedstigniga. Råsa ein skal gå er tydeleg i terrenget når ein har komt inn på den.
Eg anbefaler ein tur til Ripavarden for å få med den flotte utsikten. Frå Ripavarden går ein til høgre i same høgde til ein finn hovudråsa. Ein kan også gå fra trimposten i Skaret. Då held ein seg på venstre side av jølet. Normalt ligg det snø i hellinga mot Hellesylt, men i år er den vekk. Råsa er derfor utydeleg lengst oppe mot Skaret.

Når ein kjem ut av skogen og ned i bebyggelsen ser ein Hellesylt sentrum. Tilbake til Karbø går det sti i skogen, Selhammarmarka,  så ein slepp inn på den trafikerte hovudvegen. Sjå etter skilt merka Karbøen.

Første stykke frå Hellesylt mot Karbø er veldi fin sti/veg. Etter kvart blir den mindre tydeleg, men ikkje vanskeleg å følge. Den er merka med skilt, raude prikker på stein/trestammer og raude oppheng i trea.
   

   

   

Kart over turen finn ein på Ut.no: Karbø-Toskedalsetra-Skaret-Hellesylt-Karbø

« Older posts

© 2018 nytnaturen.no

Theme by Anders NorenUp ↑