Rett vest for kommunesenteret Bismo, på nordsida av elva, går det ein veg opp til ei av naturperlene i Skjåk kommune, Aursjoen.
Aursjoen har mange bruksområde. Det er eit rikt fiskevatn og det har vore brukt til vatnarvatn  for gardane i Aurdalen.
Sidan 1920 har Aursjoen også vore regulert til kraftproduksjon.Namnet Aursjoen tyder innsjøen der ferskvassfisken aure held til. Vatnet er eit godt fiskevatn og har i alle tider vore nytta til å ta ut fisk som også vart brukt som betalingsmiddel for skatt til kongen og kyrkja i tidlegare tider.

For å kome til Aursjoen føl ein skilting til Jøingslie (Fv 485) og tek av til Aursjovegen.  Aursjovegen er ein 9 kilometer lang grusveg som går  til Aursjoen som ligg på 1098 moh.
Aursjoen er 7 kilometer lang og det er bilveg heilt til endes på vatnet.

Denne turen som starter i vest enden av vatnet er ein fin og enkel tur med lite stigning og i tydeleg rås.  Langs råsa er det satt opp skilt som fortel om korleis skjåkverene har løyst problemet med å skaffe vatn til jordbruksområda i bygda.Det vart bygd vassveiter for å få vatnet til bygda. For å få til dette måtte dei utnytte terrenget best mogeleg. Den kortaste vegen var ikkje alltid den lettaste. For å unngå for mykje graving nivellerte dei terrenget slik at det ser ut som det renn motbakke. Til dette brukte dei eit reidskap som vart kalla vaterpass.
Når ein ferdes langs vassveitene må ein være forsiktige så ein ikkje øydelegg dei, for dei er framleis i bruk.
   

Flåtåtjønn er ei av mange tjønn som er utgangspunkt for mange vatningssystem. Om arbeidet med å lage vassveiter kunne sikre vatn lenger utover sommaren, vart det ofte bygd demningar ved tjønna. Sjølv om tjønna ligg høgt til fjells med lite nedsalgsfelt regnar det ofte her. Fjellet stoppar regnet her før det når hovuddalføret.
Når det skulle utførast større arbeid på vassveita eller demningane , var det vanleg å byggje seg eit krypinn, ei primitiv hytte til å overnatte i. Ved Flåtåtjønn står ei slik bu, Flåtåtjønnbu. Bua står alltid åpen.

Skjåk er ei karrig fjellbygd. Sjølv om den intense varmen i sommarhalvåret legg grunnlaget for gode avlingar, har fjellet også til tider hatt mykje å seie som forvinne. Mose var ein av desse ressursane som vart nytta.  Og mose ser ein mykje av på denne turen.Turen vidare frå Flåtåtjønn går no vestover og etter eit lite stykke blir det jamn nedstigning mot Jemnheimstjønne og Kitilstadtjønne.
Vassretten var viktig og gardane i bygda hadde kvar sine vassveiter. Om det var fleire gardar som hadde vassrett i same vannveit vart det laga til vassdele slik at vatnet delte seg og rann i forskjellige retninger.I 1960 var det ei ny kraftutbygging fra Aursjoen. Det vart skote tunnel frå nede i lia og inn under Aursjoen. Denne er 1270 meter lang. Frå tunnelen går det røyrgate ned lida til kraftverket som ligg nede i dalen.
I dag blir færre av dei gamle vassveitene nytta til vatning, og dei gror att.  Det er enklare og billigare å bruke krafta frå Skjåk 1 til å pumpe vatn frå Ottaelva og inn i vatningssystemet på gardane.
Vatnet frå fjellet blir nytta der det er lett å få det fram, fordi fjellvatn har betre temperatur enn elvevatnet i Ottaelva.

På slutten av turen får ein utsikt nedatt til bygda. Ein ser også grusvegen som kjem opp og rundar forbi Aursjobu.  Det er ei sjølvbetjent hytte som er eigd av Skjåk Almenning.
Ein ser også snødekte fjell i Jotunheimen og Lodalsskåpa.

Denne rundturen er ca  5 kilometer og med ei stigning på 110 høgdemeter.