Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Den Trondhjemske postvegen fra Ljøen til Ljøkaia

Den 700 km lange postvegen fra Bergen til Trondheim gjekk opp- og nedoverbakkar, over fjellovergangar, kryssa fjordar, vatn og elvar.  Det var ikkje noko enkel tur og både hest, robåt og føtene vart nytta når posten skulle fram. Postvegen var den første opparbeida ferdselsvegen fra Indre Nordfjord til Sunnmøre. Dagens Rv 60, fra Grodås til Hellesylt, følgjer på lengre strekningar same trase som postvegen. Posten kom til Hellesylt frå Grodås gjennom Langedalen og ned like ved Hellesyltfossen . Frå Hellesylt til Ljøkaia, ei strekning på ca 5 km, vart det nytta robåt.

Postvegen frå Ljøkaia opp bakkane heldt på å gå tilbake til naturen og i dei seinare åra har det blitt utført mykje restaureringsarbeid på kaia og vegen. No er skog fjerna, grøfter renska og murar reparerte. Det er no blitt ein veldig fin turveg.

Utgangspunktet for turen er  ved utsiktsplatået på Ljøen.  Allereide fra første steg er det panoramautsikt til Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og inngangen til Geirangerfjorden.
  
På Ljøen er det tre gardsbruk.  Ljøbakken , Øvre Ljøen og Nedre Ljøen.
Postvegen går rett gjennom tunet på Ljøbakken. Ein krysser gardsvegen, går på høgre sida av bolighuset og vidare ned bakkane.Vegen er tydeleg og ikkje vanskeleg å finne. Eit stykke ned i bakkane, krysser ein gardsvegen og fortset mot det gamle skulehuset. Der var skule for barna på Ljøen til 1949. No er skulehuset i privat eige.Postvegen går gjennom skulehussvingen og ned bakkane til Nedre Ljøen der ein passerer huset i gamle tunet på venstre side.
     Det var brukarane på Nedre Ljøen som var tilsett som postberar og som hadde ansvaret for etappen mellom Hellesylt og Sløgstad i Stranda.
I 1962 opna eit nytt ferjefritt samband fra Hellesylt via Ljøen til Stranda. Før den tid var postvegen det einaste vegsambandet gardane på Ljøen hadde med omverda. Løypestreng, som ein framleis kan sjå spor etter, var viktig hjelpemiddel for å frakte varer og melk mellom gardane og sjøen.
  
Området ved Ljøen har rik edellauvskog og lokaliteten er ein viktig del av dei gamle skogane som strekkjer seg samanhengande på vestsida av Storfjorden og Sunnylvsfjorden.
Har ein augene med seg og fær stille fram er det godt mogeleg å få auge på små søte ekorn. Eg såg fleire på min tur.På turen ned bakkane står det mange skilt.  Som Smiesvingen, Furuhaugkviesvingen, Oppkomsvingen, Brautene og Lindekroken. Det er koseleg med skilt, men enda koselegare om der hadde vore litt tekst som fortalde litt om historia bak namna på skilta. Dette er noke som er aktuelt mange plasser.På turen ned bakkane ser ein spor i frå tidlegare busetnad. Det har vore mange småbruk og plasser i den bratte fjellsida. Heilt tilbake til 1600 talet er det funne spor etter busetnad. Dei fleste har blitt fråflytta etter ras eller fare for ras og fonner.
Bildet under viser murar etter busetnad på Lindane.  I 1893 kom det ei fonn av snø,stein og vatn og sopa husa på fjorden. Ei mor og ei lita jente overlevde raset. Ljøkaia er nær knytt til Den Trondhjemske postvegen og har dei  siste åra gjennomgått betydeleg restaurering. Kaia vart opna i 1919 etter ein byggeperiode på 6-7 år. På kaia ser ein  restane etter  løypestrengen som frakta varer opp og ned bakkane.
Fra Ljøkaia ser ein godt over til Lundaneset der Matvika, ein fråflytta gard, ligg rett bakom. Lenger ut Sunnylvsfjorden, på aust sida ser ein den fråflytta grenda Oaldsbygda.
Området rundt Ljøkaia er eit idyllisk nausmiljø. Der er også ei privat hytte og alle som ferdes i området må respektere privat grunn.
På ovanforsida av det raude naustet går postvegen til postvøren.  Det var der postbåten  som kom fra Hellesylt la til.Området ved Ljøen ligg i verdsarvområde Vestnorks fjordlandskap som vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2005.
Det er sett opp ein plakett på ein stor stein under Ljøfossen.Under Ljøfossen har det lege ein liten plass med namn Ljøfoss. Her var det busetnad til slutten av 1800 talet.
Ein av dei som voks opp her var Nils Andersen Liaaen, skipsbyggar og industieigar. Han etablerte eit skipsverft i Ålesund i 1861. Dette verftet overtok sonen Anders, og bedrifta vart til A.M Liaaen, ein gang den største arbeidsplassen i Møre og Romsdal.
På Ljøfoss var det slåttemark til tidleg på 1980-talet, no er det brukt til beite.
Etter å ha gått turen fra Øvre Ljøen til sjøen passer det fint med ein rast her.   Turen går same vegen tilbake og dei 320  høgdemeterane og knappe 2 kilometerane opp bakkane må ein berre nyte.

Kart over turen ligg på ut.no: Den Tronhjemskepostvegen fra Ljøen til Ljøkaia

GOD TUR!

1 kommentar

  1. Ulf Thomassen

    Hei, svært interessant å få vite sååå mye om emnet. Et grundig arbeid og resesrch!
    Hilsen og takk!
    Ulf

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑