P1160075Eg har lenge tenkt eg skulle ta turen til Tyssenaustet og Tyssevatnet. For mange år sia såg eg ein reportasje i ei avis om dette naustet og området rundt. Vart fasinert og har aldri gløymt dei bilda i avisa. Torsdag tok eg turen og eg vart ikkje skuffa. Eit fantastisk område med ville fjell og stille natur.
Naustet som no blir disponert av Ålesund og Sunnmøre Turistforening er bygd i 1934 og renovert i 2000/2001. Der er 6 senger, to av dei litt breidare så der er plass til 8 personer om ein er gode venner. Naustet er utstyrt med sengklede og utstyr for matlaging. Hytta er uisolert og utstyrt med elektrisk oppvarming. Like ved hytta står der utedo og eit naust. I naustet er der ein båt  og ein kano er også tilgjengeleg.P1160015Bjørke er utgangspunkt for denne turen. Men før vi tek turen til fjells har eg lyst til å skrive litt om denne bygda og  alt som rører seg der. Eg vart så positiv overaska over alt dei sysler med. Bjørke er ei bygd som ligg der Skjåstaddalen møter Hjørundfjorden, lengst inne i Storfjorden i Ørsta kommune. Det er ca 80 fastboande som soknar til  bygda. Da eg køyrde inn Skjåstaddalen såg eg skilt langs vegen som indikerte aktiviteter av mange slag. Etter fjellturen tok eg ei runde med bilen og fekk bekrefta at i denne vesle bygda var det stor entusiasme og skapartrang. Dei fleste er sommeraktiviteter til glede for turister fra fjern og nært.
Før var Bjørke ein blindveg, men no etter at Kvivsvegen kom er det eit lett tilgjengeleg reisemål. Mange tek også turen til Bjørke  med båt. Bygda fekk nytt marinaanlegg i 2013.

Allereide på 1960 talet var det stor aktivitet på Bjørke. Kraftselskapet Tussa gjennomførte da ei stor kraftutbygging og Tyssefossen vart etter det tørrlagt store deler av året. Tyssefossen var ein gong mellom dei 6-7 største fossane i Norge.

Bjørke kom skikkeleg på kartet i 1997 da telenor ville fjerne telefonkiosken som stod i bygda. Grunnen var at det var lite lønnsemd i den. Bygdefolket aksjonerte og lenka kiosken fast med sterke kjettinger og kampesteiner.  Saka fekk mykje omtale i media, blant anna i VG, BBC og Washington Post. Den mest kjende telefonkiosken i verda vart døypt Prillar-Guri, som eit symbol på at det enno finst vilje til å kjempe på bygda. Telenor snudde i saka og bygda fekk behalde telefonkiosken sin.
Prillar-Guri vart også innslag i programmet Norske attraksjoner.
Ein haustdag i 2005 var dagen likevel komen,  linjene vart klipte og summetonen for alltid vekke fra telefonkiosken. Men om summetonen er vekk blir kiosken ståande som eit bilde på noke som har vore.

Bertahuset på Jakobgarden.
Bertahuset er kårhuset på Jakobgarden. Navnet har  huset etter ho som budde der før. Bertahuset er renovert og blir no utleigd ved dei ulike arrangementa som er i byda gjennom heile sommaren.
Jakobgarden  driv med avl og salg av fjordhest. Jakobgarden er einaste fjordhestgarden i norge som har alle fem fargane på fjordhesten og har også norges einaste avlsgodkjente gulblakke hingst. Ved interesse ordnar dei  med rideturar rund om på Bjørke.
Følg Jakobgården på facebok.

Hos Maria.
Hos Maria er eit Inn på tunet tilbud som blir drive av Maria Nikkinen Rørstad. Ho er utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning i dyreassistert terapi og helse. Ho tek i mot personer som treng ein alternativ skuledag/arbeidsdag der rikt og variert dyreliv, natur, meistring, ansvar, mat og helse står i fokus.
Følg Hos Maria på facebok.

Postkjellaren.
I Postkjellaren i dei tidlegare postlokala på Bjørke har ei dame som elsker å sy sitt sommerutsalg. Det meste av det ho lager basert på gjenbruk. Kvart enkelt produkt blir unikt, da ho aldri lager to heilt like produkt.
I Postkjellaren er det også laga til ei spanande utstilling av gamle post-og telegjenstandar.
Les meir om dama som kallar seg Alva her: Tekstil og nostalgi i Postkjellaren.

Bakketunet.
Bakketunet er det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre. Tunet er freda og består av i alt seks bygninger der tømmeret i dei eldste husa er datert til år 1549.
Etter mange år med restaurering  opna eigarane i 2010 tunet for besøkande.
I tunet kan ein oppleve kkunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. I stovebygningen, som inneheld to røykstover, kjøkken og  kammers, er det kafé med sal av tradisjonell kaffimat. Det er høve for gruppeomvisningar og skreddarsydde opplegg for grupper.
Les meir om Bakketunet her og følg dei på facebook.

Antikklåven Erkegarden og galleri Bukke-Jo
I ein tidlegare geitefjøs er det no antikvariat. Her er det ei stor samling antikk og retro. På låven på Erkegarden, er det høve til å finne både små og store funn . Og mange har nok hatt med skatter heim fra turen til denne spennande låven.
Møbeldesigner Ole Jørgen Mork har opprettet desigavdeling i galleri Bukke-Jo. Dei utstilte modellane er ein liten del av design- og modellarbeider, utført i målestokk 1:5, gjennom dei siste 35 åra.
Følg Antikklåven Erkegarden på facebook.

Erkestova/ Kråkeslottet
Eit stort gammalt og spesielt hus som har vore prega av forfall i mange år får no nytt liv. Huset vart bygd i 1929 og blir no renovert etter strenge antikvariske retningslinjer.  Han som teikna huset var truleg inspirert av hotell Søndmør som stod i Bjørkevikja.
Les meir og følg Erkegarden på facebook.

Bjørke har utruleg mykje å by på. Om sommaren er det ei aktiv bygd. Dei arrangerer Indiepopfestivalen Indiefjord. Indiefjord starta som ei spontan samling av venner i fjor, og har utvikla seg til ein festival med 21 band og artistar frå land som Norge, England, USA, Sverige og Australia.
Bjørke har også kulturløype, vandreheim, kyrkje, kulturhus, symjehall og sikkert mykje meir.
I tillegg til all aktiviteten som skjer nede i bygda har dei også fantastisk natur å by på. Og det var no turen min til Tyssevatnet/Tyssenaustet eg skulle skrive om.

Rett etter at du har passert skiltet som står Bjørke på, tek ein til høgre. I krysset står det skilt til dei forskjellige serverdigheitene.  Køyr ca 400 meter, rett etter ein sving starter råsa til Tyssedalen. Parker i lommane langs vegen.
P1150983P1150985P1150987Lysninger i skogen gir utsikt til Skårasalen og Jakta. P1150991Tyssefosse med sine mange fossefall. Den er tørrlagt det meste av året.P1150992Utsikt sørvestover mot Saursvatnet og garden Ner-Saure og Fram-Saure og med fjellet Storkjelen i bakgrunnen.P1150998Råsa er fin å gå og tydeleg merka. Stillheita er komplett opp bakkane mot fossen.  P1160015Her ser ein nedatt til Bjørke, garden Sætre og Finnes på andre sida av fjorden. Ein ser fjella Dukhornet, Kjerringkjeftane, Kjerring øyra og Nessethornet.P1160028Godt med ein kvileplass, ein plass for å finne roen.P1160039Rett etter kvileplassen er der god og stødig bru over elva. Ein god wier er der også til å halde seg i.P1160050Like etter at ein har gått over brua flater terrenget ut og det blir slakere. Ein går til ein kjem opp på den gamle anleggsvegen.
P1160056    P1160060
Den gamle anleggsvegen er nydeleg å gå på. No føl ei den til ein kjem fram til ei bru. Der tek ein til venstre og følger raude merker vidare til vatnet og naustet.P1160066P1160072Kjende fjell men fra ein anna vinkel. Til venstre ser ein Hornindalsrokkjen og på høgre sida ser ein Rokkekjerringa. Ein ser også litt av fossen som kjem fra Tverrelvdalen. Denne fossen har blitt flytta. Detter for å få vatnet til å renne til Tyssevatnet.P1160075Tyssevatnet og Tyssenaustet med Kvitelva, Kviteggja, Blådalen og Hornindalsrokkjen. Tyssevatnet ligg på 656-611 moh. Like ved sida av Tyssenaustet ligg utedoen og eit naust. P1160076P1160079 Sterk stigning på golvet i hytta.
Da eg kom til Tyssenaustet kom eg i prat med ein familie som hadde kosa seg der i fleire dager. Dei anbefalte meg turen vidare til Tverrelvdalen. Det høyrdes så flott ut at eg berre måtte nytte denne fine sommarsdagen til fulle. For å kome til Tverrelvdalen går ein på høgre sida av elva. Eg gjekk meg fram på ei rås, men den er ikkje merka. Vegvalget seier seg mykje sjølv. Det er ei stigning på ca 200 høgdemeter. Dei ekstra høgdemeterane hadde ein fort gløymt når ein kom opp på kanten og fekk ta pause i den totale stillheita.P1160084P1160089P1160121Hornindalsrokkjen!!P1160137Tur/Retur fra Bjørke til Tyssevatnet/Tyssenaustet og opp i Tverrelvdalen så vart det knappe 11 kilometer.
Turen fra Bjørke til vatnet er ca 3,5 kilometer.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Stien mellom Bjørke og Tyssenaustet

GOD TUR!!!
NYT STILLHEITA!!!