Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Billingen Seterpensjonat – Diktarstien og Steinbrua

P1150366Ekteparet Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggreen driv Billingen Seterpensjonat. Det gamle tømmerhuset har blitt flytta fra Ramstadstronda i Skjåk til Billingen. Dette er eit pensjonat med spesiell atmosfæren. Tømmerhuset er nydeleg innreia og det er teke vare på sjela i huset. No står det der ved sidan av den brusande elva Tora, klar til å ta imot gjester fra fjernt og nært.  Seterpensjonatet serverer lokalmat både frå eigen gard og ellers i Gudbrandsdalen og dei har rom for overnatting i 2 etasje.  Det er skilta fra Rv 15, så ta turen bortom og kjøp ein kopp kaffi og ei vaffel eller kanskje søndagsmiddagen.
Billingen Seterpensjonat tek også imot lukka lag som bryllaup, komfirmasjonar og andre små selskap i skuldersesongane.
P1150671Billingen Seterpensjonat er også utgangspunkt for mange flotte turer i området. Her ligg DNT-stiar, landskapsvernområde og fjell så langt ein kan sjå og gå.

Her kan ein følge Billingen Seterpensjonat

DIKTARSTIEN / UTLEGGSBRUA
Diktarstien vart laga til i forbindelse med 100 års jubileet for diktaren Jan-Magnus Bruheim.
Diktaren var fødd i Skjåk og budde nesten heile sitt liv der. Han debuterte , 27 år gammal, med diktsamlinga «Stengd dør». Bruheim gav ut 40 bøker, gjennom like mange år. Det var mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker. Jan-Magnus Bruheim hadde i mange år hytte på Billingen. Her kunne han la seg inspirere av naturen og finne fred og ro.
Langs Diktarstien er det sett opp åtte plater/skilt med dikt av Bruheim.
P1150358Når du går langs Diktarstien så ta deg tid til å lese desse vakre dikta.  Som ein ser av bildet så er råsa godt trakka. Denne turen er ca 700 meter, og går opp på den eine sida av elva og nedatt på den andre. P1150639Ein kryssr elva nedanfor samløpet mellom elvane Tora og Føysa. Når ein skal krysse elva går ein over ei gammal utleggsbru. Denne brua er truleg bygd på 1700-talet, kansje tidlegare. Dei mange elvane i området rundt Billingen har gjordt det vanskeleg å bruke og ta seg fram i terrenget.Brua vart bygd for å lette på dette. Når brua kom vart det enklare å reise gjennom Billingsdalen til Vestlandet uten å vade store elver.P1150644Denne utleggsbrua er bygd etter eit prinsipp som er veldi gammalt.
Det meste av den gamle brua fall ned i 1986. I 2008 vart brua bygd oppatt med delvis bruk av det gamle tømmeret. Trygt og godt å gå over. Spektaktulert med den store elva fossande under.P1150648P1150651Stien/råsa er tydeleg og godt merka heile vegen. Enkelte plasser er det laus grus, men ikkje problem å ta seg fram. Nyt freden og roen, i all elveduren, slik diktaren Jan-Magnus Bruheim gjorde når han var i distriktet.Billingen Seterpensjonat

STEINBRUA
Billingen Seterpensjonat er og så utgangspunkt for andre flotte spektaktulære turer. Runden til Steinbrua er ein av dei. Denne er også laga til som ein rundtur eller ein kan gå opp og ned på same sida av elva Føysa.
Utgangspunktet er det same som til Diktarstien/ Utleggsbrua og turen er godt skilta og merka. Rundturen om Steinbrua er 3,5 kilometer.P1150629P1150673Stidele mellom Diktarstien/Utleggsbrua og stien til Steinbrua tydeleg i terrenget og godt skilta.
P1150675  P1150676
Stien/råsa går etterkvart lenger inn i skogen og ein kjem inn i Reinheimen Nasjonalpark. Her får ein sjå store, gamle mektige furutred som er hundrevis av år gamle.
Furu (Pinus sylvestris) utgjer ein stor del av elgen og storfuglen si vinterføde. Furu som veks opp mot barskoggrensa, blir og kalla malmfuru fordi den veks seint, har tette åreringar og derfor har stor malmandel.
P1150727   P1150724
Ulvelav er ein sjeldent vekst ein får sjå på turen. Den veks særleg i gammal furuskog, på daud ved. Ulvelav er giftig. Den vart i tildlegare tider brukt som gift i ulveåte, derav namnet. Fram til 1800-talet var ulvelav handelsvare, og i Sjåk vart den sanka og seld på marknader rundt om i landet. Den vart også brukt til farging av garn. Ulvelav er raudlisteart og klassifisert som sårbar, og er sjeldan.
P1150697   P1150701
Når ein kjem ut av skogen dreier stien/råsa mot elva igjen. Ein kan tydeleg høyre at elveduren blir sterkare. Det er spennande å gå turen når ein ikkje veit kva som ventar ein. Og terrenget blir mektigare og mektigare.
P1150706   P1150704P1150713Denne steinbrua er eit resultat av dei store geologiske endringane som skjedde for ca 10 000 år sia, da den siste istida i Skandinavia tok slutt. Da isen trekte seg tilbake vart store vassmengder frigjorde. Desse danna elvar som grov seg ned gjennom lausmassane og fast fjell. Slik vart gjølet i Føysa danna.
Den store steinen som no ligg nedklemt i gjølet har glidd ned og lagt seg til ro. Den ligg no fastklemt i gjølet som ei bru. I den lokale folketradisjonen er skapinga av denne merkelege brua trolla sitt verk.

Å krysse denne brua kan by på utfordringer for enkelte. Her er ikkje noke form for sikring så ein må vise stor forsiktigheit. Det er langt ned i gjølet og elva er stor. Har ein barn med må dei passast godt på. Oppsteget til steinen er høgt og kan også være vanskeleg for noken. Ta aldri sjanser.

Turen vidare på vest sida av elva gir  panoramautsikt. Mot nordvest ligg Torsdalen og alle stiane/resen som fører inni fjellheimen. Til venstre på bildet kan ein så vidt sjå elva Tora. Fjellet bak er Vulueggi på 1771 moh.
P1150719Mot sør sørvest ser ein Vuluvatnet og Ottaelva. Lengst bak ser ein Skridulaupen 1962 moh.
Nedstigninga på denne turen går mellom dei to store elvane Føysa og Tora. Ein krysser elva Tora når ein nærmer seg setra. Når ein nærmer seg Billingen Seterpensjonat går dei to elvane ihop til eit løp og renn vidare ned i Ottaelva.P1150720Naturen har, langs heile denne turen, krydra terrenget med sine eigne skulpturer. Det er berre å studere og nyte.P1150725P1150730Når ein nærmer seg setra krysse ein elva Tora på Seterbrua. Denne brua er bygd av setereigarane på Billingen. Det er usikkert kor lenge det har vore bru her, men brua er svært gammal. Brua er lagt der innsnevringa i Tora elv er på det trongaste. Avstanden mellom brukara er akkurat så lang at lengda av ein tømmerstokk rekk over. Derfor blir ei slik bru kalla stokkbru.IMG_20160702_161056Billingen er ein av dei eldste setrane(seterstulane) i Skjåk. Ein veit at det har vore seter her i år 1665. Namnet Billingen har sitt opphav i det norrøne språket og tyder tvilling. Dette kjem truleg av at setra var delt i to. Øverstulen og Nerstulen. På setrane hadde dei geiter og kyr . Budeiene ysta ost og kinna smør av mjølka. Desse produkta vart frakta ned til bygda med kløvhestar. Rundt 1920 bygde dei seterysteri på Billingen, der alle setereigarane leverte mjølka og hadde felles ysting.
Ysteriet stod der som Billingen seterpensjonat står no. Bygningen som var ysteri vart flytta til Hamsevika og er no privat hytte.IMG_20160702_161618Når ein har passert setra og går langs elva kjem ein snart til der dei to elvane møtes. Der durer det godt. Like etterpå kjem ein til utleggsbrua som ein gjekk over om ein tok ei runde i Diktarstien.IMG_20160702_162100Ta deg tid til ei ekstra stund her på Billingen Seterpensjonat. Ein kan nyte utsikten og atmosfæra fra kafèn inne eller ta med kaffien ut og kome nærmare naturen.
IMG_20160702_164006   P1150628P1150366

Kart over turen finn ein her. Billingen- Diktarstien – Steinbrua

TA TUREN TIL BILLINGEN SETERPENSJONAT EIN FANTASTISK PLASS MED MYKJE ENERGI, FRED OG RO.
MAGISK – DRAMATISK – FANTASTIK.

2 kommentarer

  1. KS

    Hei! Har det vært mulig å få bruke hovedbildet i artikkelen som bilde til et musikk album?

    • Bodil Dybevoll

      Hei. Beklager seint svar. Ferietid…
      Om dette fremdeles er akutelt så er det greit at hovedbildet blir brukt til eit musikk album.
      Om det er mulig så krediter gjerne fotografen 🙂

      mvh Bodil Dybevoll

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑