P1060310                             Fra venstre: Otterdalsnakken, Otterdal, Ytrehornnakken, Grodås

I sommer har eg gått ein tur som eg har høyrt om og tenkt på i 30 år. Vart så fasinert av historia som vart fortalt at eg bestemte meg for at dette måtte eg finne ut meir om og sjå med eigne auger.
Spiren var sådd og informasjon måtte skaffast. Google og lokale historiske skrifter er flotte oppslagsverk der ein kan finne mykje intresant lesnad.  Eg har tatt opplysningane til dette innlegget fra fylkesarkivet og fra historisk årskrift for Hornindal, 1988. Det finst meir informasjon, eg har berre tatt med i grove trekk. Om du finn dette intresant og spennande så studer Otterdalsnakken litt ekstra neste gang du reiser langs Hornindalsvatnet. Kansje blir du så nyskjerrig at du skaffer deg båtskyss og reiser på oppdagelsesferd. Eg fann ikkje tuftene etter lada som har stått på Nakken.  Kansje blir det ein tur til…

HISTORIA OM OKSEHAMNA PÅ OTTERDALSNAKKEN.

På 1800-talet leigde Navelskaker Innigard beite- og setrerett av brukaren  på bnr 1 i Otterdal.  Dei bygde sel og fjøs,( like overfor der Firdakraft si 66Kv linje går over vatnet). Det vart også dreve utslått på Otterdalsnakkjen rundt 1800/1900 års skiftet. Høyet vart lagra på høylemen til snøen kom. Det vart så drege på slode ned til vatnet og rodd til lands. Både seterdrift og utslått tok slutt nokre år etter 1900- årsskiftet.

Ole Rasmussen Otterdal, fekk skøyte på bruk nr 1 i 1913. Han var ein iderik mann og såg at Otterdalsnakken kunne brukast til noke etter at seterdrift og utslåtten tok slutt. Same året bygde han Nakkebryggja i strandkanten. Ved hjelp av eigeninnsats og dugnadshjelp bygde han også rås fra Nakkebryggja og opp på Nakken.
Otterdalsnakken var med si naturlege avgrensing opp mot fjellet og ned mot Hornindalsvatnet eit godt eigna beiteområde. Stranda er bratt, men midt oppe på Nakkjen er det svært godt beiteområde. Det vart også ved hjelp av dugnad sett opp eit steingard lengst nord i beiteområdet mot setredalen.

På denne tida nytta bøndene stamstutar i alvsarbeidet, og beiteområdet på Nakken vart nytta til beite for desse stamstutane. Ein kunne ikkje sleppe alvsoksar å beite der folk ferdast, dei var ofte mannevonde. Det vart fastsett og kunngjordt ein sleppedag. Rutebåten «Dølen» frakta oksane i ein stor pram på slep både fra Sanden, Kjøs, Nord og Heggjabygda.
Turen til beiteområdet starta på Nakkebryggja når alle dyra var komne i land. Dyra var i dårleg form etter ein lang vinter på bås,råsa var bratt og det var ikkje vatn å finne, så turen til Nakken var ei stor påkjenning for dyra. Det hende at det var dyr som stupte, og ein måtte da slakte dyret og få med kjøtet heim.
Det var alltid ein leiar blandt oksane. Kampen om leiarskapen start når oksane vart slepte lause på beitet. Ein okse kunne ha leiarskapen i fleire år inntil han vart slegen ut av ein annan. Det var liten vits i å sleppe oksar etter at hovudflokken var slept.  Det fekk dei oppleve dei som kom fra Gudbrandsdalen, eit par dagar etter at dei andre var slepte. Dei andre stutane tok jag på han, Han flykta nedover og slo seg i hel i stranda.  Det hende også at dyra lengta heim. Ein som ikkje fann seg til rette  var frå Bø i Stryn. Han braut seg ut og gjekk råsa til Nakkebryggja. Der la han på svøm mot Otterdal, men han vart møtt med båt fra Otterdal og tvinga tilbake til Nakkebryggja og jaga oppatt i beitet. Dette gjentok seg to gonger og tredje gongen sette han kursen mot Kjøsahammaren. Denne gangen klarte stuten å kome seg iland, med hjelp fra to karer som dreiv med arbeid i stranda. Stuten klarte å kome seg iland, trass nordavind og store bølger.
Det hende også at oksane kom seg over steingarden i nordenden av beitet og ned mot Otterdalsetra. Setrejentene vart redde når dei såg og høyrde oksane kome. Dei måtte da sende bod heim slik at karane kunne kome å få stutane tilbake til Nakken. Dei måtte ha med gevær og skyte skremeskot for å få dei til å snu.

På det meste var det slept 23 storoksar og 4 oksekalvar på eit år. Oksane kom både fra nærområdet, men også meir langveisfarande. Der var okser fra Kjøsdalen, Roti, Alsaker, Melheim, Lødøen, Bakke, Raftevoll, Flore, Dalane, Nordsida, Bergsida, Bø i Stryn,Innvik, Breim, Oppstryn og Gudbrandsdalen.Folka på OtterdalsnakkjenEin fin gjeng ved lada på Nakken: f.v: Olav Myrhaug, Rolf Flore, Leif Myrvang, Lars Hatledal, Samuel Stokkenes og Karl Nord. 

Florestuten (eigar/ansvarlege/ hjelpara: Anders Flore/ Kaare Maurset/Hallvard Sindre/ Rolf Flore) var sint og vanskeleg. Han fekk horna i kleda til ein mann under overfarten. Med eit nakkesleng vart karen kasta på vatnet. Denne oksen skulle sendast til slakteri i Bergen, men før han reiste fra Faleide gjorde han stor skade på ein matros på båten.

Etter at oksebeitinga tok slutt, vart det nokre år slept hest på sommarbeite på Nakken. Og i seinare år er det geiter som har beita der. No er også det slutt.P1050050Her ser ein Otterdalsnakken midt i bildet. 

For å kome seg på Otterdalsnakken må ein enten i båt eller gå fjellet fra Navelsaker eller Otterdal. Eg tok kontakt med ein lokal bonde i Navelsaker. Han skyssa meg med båt til Nakkebrygga og da var det berre å setje igang å utforske. Var veldi spent på korleis råsa var opp dette bratte berget. Fra Svorastranda, andre sida av Hornindalsvatnet, ser det nesten uframkomeleg ut. Men med historia om at dei har tatt store avlsokser opp råsa, så var spenninga stor om kva ein ville finne etter så mange år.P1110811Turen til Nakkebrygga gjekk i båt fra Navelsaker. Her ser ein stranda på Otterdalsnakken heilt til venstre.
P1110814 Båtskyss fra Navelsaker til Nakkebrygga.
P1110813  Ikkje så mykje som viser att ved Nakkebrygga.FF
Råsa var forbausande enkel å finne. Den gjekk bratt og i svinger opp nakken. Kan ikkje forstå at dei klarte å få store avlsokser opp den råsa. Enkelte plasser såg ein tydeleg at dei hadde mura opp råsa.
P1110815    P1110816
Ein måtte følge godt med på råsa, for der var også ein del hjortetrakk. Dette kan forvirre ein om ein ikkje er observante.
P1110818  Det var tett skog og mykje gras langs råsa.
P1110821 Enkelte plasser kan ein sjå tydelege spor etter arbeidet med råsa.P1110824Etter kvart som ein vinn høgdemeter og finn lysninger i skogen så kjem også utsikten. Her ser ein tilbake mot Navelsaker.
P1110825 Ikkje vanskeleg å forstå at dei måtte ha tørstedrikke på turen. Kva som har vore på denne flaska kan ein berre gjette seg til.P1110827Utsikten fra kanten av Nakken er upåklageleg. Her ser ein til Grodås sentrum, Lida og Svor. Ytrehornsnakken, Gulkoppen, Øyenibba/Middagsfjellet med Kjøsahalsen. Ein ser Skarsteinsfjellet og Storelogpiken. Ein ser også dyrka mark på Flore eller Nybø og Skåpavikja.P1110832Glitreggja har femdeles stor snøkappe på i starten på juni.P1110840Stille og fint vatn ein junikveld. Ein kan lett sitje her og speide etter sjøormern mens ein venter på båtskyssen tilbake til Navelsaker. Tusen takk for velviljen og hjelpa til skysskaren. Kansje ringer eg igjen.

Ta turen og utforsk. Kansje har noken av dine forfedre vore med på arbeidet med å frakte okser til oksehamna i Otterdalsnakken.

GOD TUR!!