P1110700Tidlegare har eg skreve om at eg synest det er spennande å gå mellom bygder, gjennom dalar og skard. Og denne turen som eg skal skrive om her gjere akkurat det. Etter at Kvivsvegen kom har nabofylket i nord blitt mykje nærmare og det er enklare å utforske terrenget på andre sida av fjellet.
Turen fra Grøndalen til Høydalen ligg i to fylker og to kommuner.Eg starta i Heggjadalen ved Grøndalsvatnet, omtrent på fylkesgrensa mellom M&R og S&Fj, ved bomvegen som går inn til Grøndalsetra. Bestemte meg for å gå heile vegen, også bomvegen. Så første del av turen var å gå ca 2 kilometer på ein fin grusveg langs Grøndalsvatnet. Stilt og fredeleg med nokre få hytter som låg opp i lia ovanfor vegen.
P1110696  Bomveg inn langs Grøndalsvatnet.P1110708  Grøndalssetra
P1110709  Ta til høgre etter brua.
P1110714  Hattemakerskardet midt i bildet.
På Grøndalen er det store areal som er dyrka. Og plassen ber sitt namn med rette. Der var grønt og fint. Og koseleg med beitande husdyr.
Ein  passerer setra og fortset over brua og tek til høgre vidare opp vegen. Ved vegenden er der ei grind. Gå gjennom den og da skulle ein finne råsa……
Eg hadde studert kartet og sett at der var innteikna rås, men eg må innrømme at den fann eg aldri på første del av turen. Men ein er ikkje alltid avhengig av rås. Ein må ikkje gløyme korleis det er å ta seg fram på eiga hand, ta eigne vegval. Eg viste at eg skulle opp i Hattemakerskardet så det var berre å ta peiling på skardet.
Når ein går utanfor allfarsveg så er det mangt og mykje ein kan få auge på som ein ikkje hadde sett om ein gjekk i rås. Eg kom over denne gjenstanden. Må seie eg skvatt litt, for eg viste at det området som eg gjekk i akkurat da vart kalla «Kyrkjegarden».
P1110717P1110727Når ein har plukka nokre høgdemeter og er komt opp i åpnare terreng har ein fin utsikt nedatt mot Grøndalsvatnet, Grøndalsetra og fjella bak. Høgefjellet, Navletuva, Navlesakerfjellet, Nonshornet (i framgrunnen) og Glitreggja lengst bak.
P1110732  Hattemakertjønna og Grøndalsvatnet.
P1110739 Rikeleg med snø på Hattevatnet 764 moh.
Ein er på turens høgaste punkt når ein er ved Hattevatnet. For å halde høgda og sleppe småskogen i lida ned mot Rinddalssetra, held ein til høgre etter vatnet. Ein lokalkjent, som eg prata med på setra, sa at der er tydeleg rås.P1110749
Etter  Hattevatnet dreier ein mot høgre og ser snart Rinddalssetra . Den ligg fint til på høgda mellom Ferlevatnet og Rinddalsvatnet.  Fjellet bak er Skardhornet 1043 moh. Har ein råsa, kjem ein i god høgde fram mot setra. Eg kom litt for lavt i utgangspunktet og fekk ein del småskog i lida bort over mot setra. Valgte derfor å gå nesten ned til Ferlevatnet og ta stigninga oppatt til setra.
P1110756P1110758  Utsikt mot nord. Rinddalsvatnet 593 moh. P1110762  Rinddalsvatnet  mot sør.f
P1110764  Gammal inngraveringer i mjuk stein.
Fra Rinddalssetra langs Rinddalsvatnet og fram Rinddalen er det fin rås og terrenget blir etter kvar meir spennade å gå i. Etter litt slak nedstigning er ein ved Heimste Rinddalsvatnet som ligg på 563 moh. Her går råsa på høgre sida av vatnet. Tildels i oppmura parti langs vatnet. Siste stykket før demninga går råsa i ur.
P1110770  Heimste Rinddalsvatnet 563 moh.
P1110774  Delvis oppmura rås langs vatnet.
Når ein er komt forbi Heimste Rinddalsvatnet og skal ta til på nedstigninga får ein oppleve noke spessilet. Det er god rås heile vegen ned den bratte lia. Råsa går i ei stor ur, og elva dundrer under ura. Det var ganske spesielt og litt «skummelt»  å høyre den store elva bruse under føtene uten at ein såg den. Trøsta meg med at slik hadde det vore i mange hundre år, så det gjekk vel bra den dagen også. Og det gjorde det. Etter kvart går råsa over fra ur til skogsterreng.P1110778  P1110784
God, men spesiell sti ned lia.
P1110785  P1110788
I dalbotnen ser ein rampa til løypestrengen. Den kjem nok godt med til transport opp den bratte ura.  Ned Langedalen er det  3 kilometer bomveg  til dei øverste gardane i Høydalsdalen. Ein slak fin tur ned dalen om ein ikkje har plasert bil heilt oppe eller bestilt retur transport.
P1110794     P1110796
P1110799  Langedalsvegen 3 km bomveg.
Velger ein å gå motsatt veg, eller skal plassere bil for retur, køyrer ein Rv 651 mellom Fyrde og Straumhamn. Ta av ved Høydalsvik og følg skilting mot Høydal skule. Fortsett rett fram gjennom gardstun til bomveg.

Kart over turen er publisert på Ut.no og du finn det: Grøndalen – Høydalsdalen (Heggjadalen-Austefjorden)

Turen er 15 kilometer lang og med høgdeskilnad fra 420 – 770 – 100 moh.

PRØV NOKE NYTT, SJÅ NYTT TERRENG OG NYE FJELLFORMASJONER! GOD TUR!