Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Strand – Furefjerding – Strandasetra

P1080875Høgt opp i fjellet på nordsida av Hornindalsvatnet ligg fjellgarden Furefjerding. I daglegtalen kalla Fjellja. Det har vore to gardsbruk tidlegare, men no er det berre eit som det bur folk på og som er i drift. I følge bygdeboka for Eid og Hornindal frå 1953, er gardane først nemde tidleg på 1600 talet. Natt til 25 mars i 1718 gjekk ei snødemme over Indre Furefjerding og gjorde stor skade. Etter det vart husa flytta 200 meter vestover og står no trygt for fonnlaup.

I 1976 var den private bilvegen til Furefjerding ferdig. Den går i hårnålsvinger opp dei bratte bakkane fra Hornindalsvatet. Det tok 12 år å ferdigstille vegen.

Denne turen som eg skal skrive om her, gjekk eg seint i november. Da var det fremdeles varmt og godt i fjellsida og fine farger. No når våren er her igjen anbefaler eg denne turen. Eg gjorde den som ein rundtur, men det går ann å gjere den så lang som ein vil.

Utgangspunktet mitt er Strand. Der fann eg ein parkeringsplass som eg sette bilen. Eg spurte ein lokal bonde om det var greit at bilen stod der. Det som er viktig er at ein parkerer så ein ikkje står til hinder for andre.P1080845 Parker godt ut til sida. Tankbiler skal ta svingen.
Da eg parkerte her så var eg klar over at det kom til å bli nokre kilometer på asfalt. Men at turen langs Hornindalsvatnet skulle bli så fin hadde eg ikkje forestilt meg. Det var så stilt. Ingen biler. Der kunne eg gå og studere kjent terreng og fjellformasjoner fra ein ny vinkel.
P1080850 Sjølv i november var det liv i blomstrane.
P1080854 Det er fin og nylagt asfalt langs vatnet.
P1080859
Kjente fjellformasjoner fra ny vinkel.
Fortset ein vegen langs vatnet kjem ein til slutt til Navelsaker. Men eg tek av til Furefjerding og starter på motebakken.
P1080861
P1080865  Spor fra tidlegare vegtraseer.
P1080866 Bratt og smal veg uten autovern.
I vinter sende NRK eit innslag på «Norge Rundt» fra kraftforleveranse til Furefjerding. Det var spektakulært å sjå den store lastebilen på den smale vegen.
P1080867   P1080869
Gamle instalasjoner langs vegen minner om at det har vore tøffare tider å bu og leve på ein fjellgard.

Etter kvart som ein tek høgdemeter opp bakkane og ein nærmer seg tunet blir utsikten vidare og flottare.P1080868P1080876Her ser ein fra venstre: Gløvrefjellet og Ytrehornsnakkjen med Otredalsstranda. Grodås sentrum, Setrehornet, Gulkoppen, Kjøsahalsen,  Middagsfjellet/Øyenibba, Kjøs  med Bjørnaholmen. Langt bak i snøen ligg Jostedalsbeen og Lodalskåpa. Ein ser Gryta og Årheimsfjellet. På sørsida av vatnet ser ein litt av bebyggelsen i Holmøyane.

Turen vidare mot Yste Furefjerding går på dyrka mark, der er køyreveg opp og forbi masta. Ein går vestover mot ei grind mot utmarka. Ta kontakt med folk i tunet og spør om vegen om ein er usikker. Og husk å lat att grinda etter deg.

Traseen frå Indre til Ytre Furefjerding (knapt 2 km) går i slakt terreng, det er stedvis merka med raude Tèr. Underlaget er flott å gå på, reint idyllisk og utsikten er upåklageleg.
P1080878  P1080880
P1080883  P1080886
 P1080887  P1080888
På Ytre Furefjerding budde  fjellbonden, lokalpolitikeren og skribent Johan O. Lillestøl og kona Pernille til langt ut på 1980-talet. Her gjekk kraftlinja over eigedomen utan at fjellbonden såg noko grunn til å koble seg til. Berre dei siste 4-5 åra hadde dei elektrisk kraft innlagt.

Husa på Ytre Furefjerding er no til nedfalls. Men her har ein nøysam familie hatt sitt tilhold i mange år. Bygd opp av ingen ting.  Da Johan kom til garden, starta han men å vøle hus og fjøs. Etter kvart skaffa han seg to lamb. Men stor nøysemd og hard arbeid voks flokken og med åra sende han 120 sauer på sommarbeite.P1080895  P1080896Stien/råsa vidare til Strandasetra går i litt stigning forbi huset og vestover.
P1080897 Kattungen Fride var med på tur.
Ein turkammerat slo følge frå Indre Furefjerding. Korleis i all verden får ein ein kattunge til å snu!? Den dagen eg gjekk var der ikkje folk heime i tunet så eg kunne ikkje få hjelp. Trudde den skulle bli lei og gåen og snu, men nei.  Måtte etterkvart ta telefonisk kontakt med eigaren for å forhøyre meg om alderen til denne turkameraten. Eg hadde veldi lite lyst til å snu. Eigaren gav klarsignal om at pusen, Fride, kunne få fortsetje.

Når ein har gått litt stigning og er komt fram på slik at ein ser nedatt til Strand går det  sti/rås ned i eit lite juv før ein stig oppatt til Stranasetra. Ein kan gå den stien eller fortsetje opp Geitskogegga og runde av juvet lenger inne. Ein kjem innpå skogsveien ved setra.

P1080899  Strandasetra med skogsveien i bakgrunnen.
P1080906  P1080909
Fra Strandasetra og ned til Strand går det ein fin, men bratt skogsveg.
P1080910 Her nærmer ein seg gardane på Hatlelid.
Når eg kom ned til Hornindalsvatnet og til  bilen så var det å køyre kattungen Fride heim til Indre Furefjerding igjen. Der møtte heile familien opp for å ta imot den turglade katten.

Denne runden er ca 12 kilometer.

Kart over turen finn ein på: Strand – Furefjerding – Strand

1 kommentar

  1. Elisabeth Gamlem Lødemel

    Ein tur som kan anbefalast. 8 damer gjekk turen 19. mai der Bodil var guide.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑