P1060926Grendasetra har vi både i Stryn og i Hornindal. Turen eg skal skrive om denne gangen er til Grendasetra i Markane i Stryn kommune.

På Grendasetra er der tre sel og to fjøser. Grendasetra er fra gamalt av setra til gardane Dybevoll (Jyvall), Fenn og Dalane. Selet som høyrde til Jyvall høyrer no til garden Svingeset.

Det er mange år sidan det har vore seterdrift på Grendasetra. Truleg var det slutt med det kring 1950.

Setreråsa slik den var tidlegare er no lite nytta. Med foltte parkeringsmuligheiter på Ullsheim er dette eit naturleg utgangspunkt for dei som vil ta ein tur til denne setra.P1080752                                       Eit gammalt bilde av livet på setra, budeier og husdyr.

P1080753 Min oldefar utanfor selet.
Setreråsa til Grendasetra gjekk fra gammalt av over dyrka marka på garden Jyvall, vidare over ei lita trebru ved løkjen, gjennom yste Holeledet og til Rjømesvadet.  Der gjekk råsa inn i eit granfelt og opp Loppesteinbakkane til Loppesteinen. Der var det det første kvilet på turen til setra. Vidare gjekk turen opp bakkane, forbi Brennevinskjelda og til Gamlesetra. Der var det andre kvilet. Her viser det fremdeles gamle rester etter husmurer. Siste etappen er opp dei bratte bakkane rett under setrekvia.

No er mykje av den gamle setreråsa blitt avskoren av løypetraseer og hyttefelt. Eg vil derfor ta utgangspunktet  fra Ullsheim på denne turen. På Ullsheim, det flotte skianlegget til Markane il, er det gode parkeringsmuligheiter og eit flott utgangspunkt.

Når ein står på Ullsheim og ser langs med lida, ser ein ialt tre setrar. Lengst mot venstre ser ein Øyesetra,  lenger inn mot elva ser ein Maursetsetra og eit stykke innafor elva ser ein Grendasetra.

Med utgangspunkt på Ullsheim er løypetraseen opp bakkane  eit flott alternativ. Gå over stadion, forbi brua og ned bakken. Ta av fra den asfalterte rulleskibana og gå over i løypetraseen. Følg den delvis på flis og delvis på asfalt til ein kjem til ein lunneplass.P1060904P1060906Her ved lunneplassen tek ein til venstre og går traseen vidare opp bakkane. Skilt fortel om andre turmål også.P1060908  P1060913P1060915Når ein har gått motebakka ei stund og opp Høgkleivbakkane, kjem ein til Gamlesetra. Her kan ein så vidt sjå gamle hustufter, så her har vore seter for lenge lenge sia. Dette var det andre kvilet på turen til setra når dei brukt setreråsa. Ein har fin utsikt mot Hornindalsvatnet, Glitreggja og gardane i Jutedalen.
P1060921  P1060922
Fra Gamlesetra kan ein velge om ein vil fortsetje i løypetraseen eller gå siste stykket i setreråsa. Eg anbefaler å ta råsa. Det er eit stykke historie og ein kan fundere på korleis dei strevde før i tida for å få melka fra setra og til gards morgen og kveld.
P1060924 Å gå i gamle setreråser er balsam for kropp og sjel.
Siste bakkane opp til setra er bratte, men tydeleg og god rås. Strevet betaler seg med ein fantastisk utsikt.P1060931P1060946 Sela på setra er fra venstre: Daleselet, Fænjaselet og Jyvallselet som no høyrer til Svingeset.P1060949Ein fantastisk utsikt. På bildet ser ein Grenda, skianlegget Ullsheim, Svingesetvatnet, Langesetvatnet, Skarsteinsfellet, Storlogpiken og Utvik.

VINTERTUR TIL SETRA

Turen til Grendasetra er også fin å ta ein vintersdag. TurløyperStryn har opparbeidt løypetrase fra Ullsheim og opp bakkane til Grendasetra. Ein kjem seg  også til Grendasetra via løypenettet som går til Holesetra og  vidare Panoramaløypa. Ein fantastisk tur som berre må anbefalast på det sterkaste. Berre å følge med på nettsidene til Turløyper Stryn for å finne  informasjon.

P1090280 P1090283P1090287

Når det er bart er det ein flott tur vidare, om ein vil ha ein rundtur,  å gå vidare til Maursetsetra. Gå da råsa rett ut forbi den største fjøsen. Råsa er stort sett tydeleg. Det er litt myrlendt terreng, men fint å kome seg fram. Der er fin bru over Noraelva.
P1080694 Fin og stødig bru over  Nordaelva.P1070519Bilde: Utsikt mot søraust fra Maursetsetra.

GOD TUR!