Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Nosakleiva – Flott familietur

Nos er eit utsiktspunkt på Panoramaveien på nordsida av Nordfjorden. Utsikten ut Nordfjorden og til gardane i Randabygda, Hopland og Hennebygda er fantastisk.  Utsiktsplattået ligg på austsida av Nostunellen og der ligg også garden Nos. Ein liten parkeringsplass gjer det enkelt å parkere bilen om ein vil ta ein spasertur til utkikspunktet på nedsida av veien. Utkikspunktet ligg på kanten av eit 500 meter loddrett stup rett i fjorden. Utsiktspunktet er godt sikra med gjerde.
P1050575
P1050574Denne turen kan ein gå fra to kanter. rEin kan starte ved utsiktspunktet eller køyre gjennom tunellen og parkere der.Min tur gjekk fra Slettene og turbeskrivelsen blir frå den kanten.
P1050586
Bilde: Det er gode parkeringsmoglegheiter i Slettene.

Dette er ein flott tur i storslagen natur. Vegen over Nosakleiva er ein gammal anleggsveg som vart bygd på 60-talet, da tunellen vart bygd.
P1050584  P1050587
Vegen har eit mjukt dekke. Det kan være litt steinete enkelte plasser, men ikkje noke vanskeleg å gå eller trille på. Det er brei og fin trasse heile vegen.  Sykkel som er eigna for terreng er eit fint  alternativ.
P1050589
Frå parkeringa i Tvinneriemsslettene snor vegen seg i fem hårnålsvingar opp lida. Stigninga er jamn og fin og ein merkar nesten ikkje at det går oppover.
P1050596  P1050598
Bilde 1: Ein merker nesten ikkje stigninga. Bilde 2: Midt i bilde ser ein mot Mosehogane og Hoplandskaret

Etter kvart som ein plukker høgdemeter får ein også betre utsikt. Da ser ein gardane på Tvinnereim, mot Glitreggja og inn Slettene mot Klebersdalen.
P1050600
Bilde: Gardane på Tvinnereim.
Det var ein nydeleg dag da eg gjekk turen. Sola var framme, men jammen fekk eg også nokre små regndråper i nakken. Blomstrane stod langs veikanten og lyste mot meg. Fuglane sang sine melodiar opp att og opp att. Eg høyrde også bjøllene fra dei beitande dyra på dei nærmaste gardane. Ein lyd som blir sjeldnare og sjeldnare.
P1050593
Bilde: Flotte molteblomstrar. Kansje blir det litt bær til hausten?

Etter å ha gått dei fem hårnålsvingane, flater terrenget ut. Fram på kanten får ein fantastisk utsikt mot fjorden, bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda.
P1050601  P1050602
Bilde 1: Langt der nede ser ein Hopland kai og Randabygd kyrkje.
P1050606
Bilde: Her får ein eit innblikk i kor bratt det er i bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda

På Nosakleiva er ein halvvegs fra Tvinnereimsslettene til Nos. Ein har no gått 1,3 kilometer og det er like langt til Nos. Eg anbefaler å fortsetje ned på andre sida av Kleiva.
P1050607
Men før ein går vidare, ta ein tur opp stien rett bak skilta. Etter ca 100 meter er der enda eit utsiktspunkt.
P1050610
Vegen ned til Nos går i slak unnabakke. Det er her, som med alle andre veger, at skogen vekst til langs vegkantane.

Gauken var veldig aktiv da eg gjekk innover fra utsiktspunktet og mot Nos. Det er noko spessielt å høyre den fuglen. Det gjev ein god sommarfølelse.
P1050624

P1050629  P1050633
Det er mykje å sjå og utforske i skogen. Ta deg tid til å sjå deg rundt også der det ikkje er utsikt.
P1050658

P1050659
Bilde: Spor etter gammal steingard.
P1050638
Bilde: Tett granskog som  fungerer som gjerde mot avgrunnen.

Det er også merka stier til andre turmål langs veien.
P1050625
Når ein nærmer seg Nos går ein gjennom ei grind og kjem  inn på dyrka mark. Vis hensyn og gå langs kanten og på linje så ein ikkje trakker ned graset!!!!
P1050640
Når ein går på tur i slik natur som vi har rundt oss kan ein virkeleg senke skuldrane. Ta ein tur der turen i seg sjølv er målet. Ikkje bruke stoppeklokke som tar tida, ikkje tenkje på kaloriforbruket, berre nyt alt det vakre vi har rundt oss og kjenn kor deilig det er å ha stillheita rundt seg.

Denne turen er ca 2.5 kilometer ein vei. Det er ein flott tur som eignar seg for både store og små, unge og gamle. Og eit tips er at om ein er fleire i følge og  berre vil gå ein vei, så send ein sjåfør tilbake over Kleiva etter bilen eller parker ein bil på Nos før ein starter turen.
P1050662
Bilde: Her ser vi Utvikfjorden, Utfjorden, Randabygda, Hopland og Hennebygda.

Kart over turen finn ein på ut.no:  Nosakleiva

2 kommentarer

  1. victoria sunhill

    Nos og ulvejølet var FANTASTISK 😀 vi gikk ikke opp noskleiva, eller til tvinnefossen som var planlagt. Ulvejølet ble en impuls uten å vite noe som helst om det, stoppet da vi kjørte forbi. Måtte til dyrlegen i sandane med en hund m ørebetennelse, derfor ble det en god grunn for panoramaveien fra innvik, og vi angrer IKKE 😛 Skal lese din blogg enda bedre og sjekke kart til neste sommer 😀 keep up the good work 😀 «innvikfjorden» er nyyydelig 😀

    • Bodil Dybevoll

      Takk for det. Kjekt med tilbakemelding på at bloggen blir brukt. Dei fleste turane ligg også på Ut.no så ein kan finne dei på kart. Indre Nordfjord er eit eldorado med turterreng og mange «gjøymte» perler 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑