Vedviknibba ligg ved vestenden på Hornindalsvatnet  og toppen på Vedviknibba er 730 meter over havet.  Det er mange alternativ å gå når ein skal bestige dette fjellet. Ein kan starte fra Tua/Stigedalen, Lindvika ved Hornindalsvatnet og fra Vedvika. Denne turen går i Nibberåsa og starter i Vedvika.
Den enklaste måten å finne utgangspunktet på er å køyre fra Mogrenda mot Heggjabygda. Etter den første beine strekninga, ta til venstre ved ferist. Etter 100 meter kjem ein til starten på skogsvegen. Der er oppslagstavle som beskriv fleire turer og parkeringsmogelegheiter.Første stykke av turen går på traktorveg/skogsveg langs ein flott steingard. Ein passerer to grinder og forset på skogsvegen. I det fjerne kan ein sjå ein del av terrenget ein skal gå i til Vedviknibba.

Etter ca 500-600 meter i skogsvegen skal ein ta til høgre. Det er merka med ein raud T på berget, starten på råsa er litt utydeleg så følg godt med.
   
Nibberåsa er bratt, men godt synleg i terrenget heile vegen. Det tyder på at mange går her. Mykje av  turen går i lauvskog, men når ein kjem ut av skogen så er ein på snaufjellet og får storslagen utsikt.
Frå utgangspunktet til toppen er det knappe 3 kilometer og med ei stigning på ca 700 høgdemeter. Det er ikkje mange stidele på denne råsa. Men etter ca 50 min vanleg gange går ei rås til høgre. Føl ein den kjem ein til eit utsiktspunkt som blir kalla Bukkeskåra. Der har ein fin utsikt til vestlegaste enden på Hornindalsvatnet, den flotte badeplassen i «Vågen», gardane i Vedvika, Mogrengda og heilt til Eidsfjorden.
Ved utsiktspunktet må ein vise stor forsiktigheit. Der er fleire hundrede meter rett ned.
Etter kvart når ein kjem ut av lauvskogen får ein flott utsikt, først mot Eid og Eidsfjorden.På snaufjellet er råsa fremdeles tydeleg og merka med raude T-ar.  Terrenget er lettgått og det er berre å nyte utsikten.Ein fin stor varde viser at ein er komt til toppen. Ta deg tid til å gå bakom varden både til høgre og venstre. Ein får storslagen utsikt mot Hornindalsvatnet, gardane og fjella i sør. I nordaustleg retning ligg Tua/Stigedalen med alle småvatna inn Fladalen.

Frå varden på toppen går ei fin rås mot vest og ein fin plass for å raste. Der har ein fin utsikt mot Nordfjordeid, Eidsfjorden, bygdene og fjella rundt. Ser ein godt etter i lidene ser ein mange setrar.

Turen er knappe 3 kilometer og har ei stigning på ca 700 høgdemeter.

Kart over turen: Vedviknibba via Nibberåsa

GOD TUR!